Ein vellukka tur ut i vinterparadiset?

Du kan sikkert sjå det føre deg: snøen lavar ned, lyset er litt blått, alle lydar er dempa, og tankane dine tek ei snarleg reise bak i tid til då du sjølv var lita og verda var eit einaste digert kvitt ark å fargeleggje. Og brått får ein det travelt: vottar må finnast fram, snømenn skal byggjast, akebakkar skal erobrast og det viktigaste: barndomsminner skal lagast. For ein vil jo at borna skal ha gode minne frå ei postkortvakker vinterverd.

Vinterleg paradis- Snøen ligg der og nærast ropar om å bli brukt

Vinterleg paradis- Snøen ligg der og nærast ropar om å bli brukt

Så kokar ein kakao og finn fram akebrettet frå inst i boden. Poden blir noko motviljug dressa opp i passande tal lag-på-lag (avhengig av kor kaldt det er) før ein ganske småheit vaglar seg bort til akebakken. «No skal vi jammen meg ha det kjekt» er mantraet som går på repeat i mammahjernen.

"Haallooo! Ake?"

“Haallooo! Ake?”

Eit høgt «NEI» kjem overraskande etter andre aketur ned den korte bakken. «Skal vi ake meir?» «NEEEEEI» kjem det kontant frå småen. Litt skuffa over kor kort tid det tok før han vart lei dette vinterparadiset, spør eg han «skal vi lage snømann?» «Nei.» Eg lurer eit augeblikk på om nokon kan ha bytta baby med meg på fødestova- for kan han verkeleg være mitt avkom og ikkje være like begeistra for snøen som eg.

"Nei. Vil ikkje"

“Nei. Vil ikkje”

Eg hukar meg ned i snøen og byrja å klappe saman noko som med litt fantasi kan minne om ein snømann i håp om å fange podens merksemd. Responsen uteblir. Eg ser toåringen segne om i rein demonstrasjon i ei snøfonn ved sida av meg. Ein sytande lyd (av den typen som ligg i eit toneleie som kan kutte glas og vekke forfedre frå grava) kjem ut av det elles så søte snakketøyet hans. Han gir seg ikkje, til trass for at eg føreslår at snømannen kan være både bjørn eller pingvin.

Snømann? Snøbjørn? Snøpingvin? Neivel.

Snømann? Snøbjørn? Snøpingvin? Neivel.

Eg kikkar på klokka. Det er gått nøyaktig 15 minutt sidan vi kom ut av døra. Vi hadde det morosamt dei fyrste to. «Vil du ha kakao..?» prøvar eg meg. «JAAAAAA!!!!»

Viktige «fjellvettreglar» å hugse til neste gang:

  • Ha alltid med bestikkelsar
  • Det er aldri FOR tidleg å ta ei pause

    "JAAAA! KAKAOOO"

    “JAAAA! KAKAOOO”

Posted in Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , | 8 Comments

Hardangervidda med ein småtass- ei historie om korleis ting sjeldan blir heilt slik du hadde tenkt…

I fjor vinter kjente eg kor det kribla. Mange mørke kveldar hadde me besøk av Lars Monsen i stova. Villmarksbarna. BBC dokumentarar. Timar med film om aurefiske i krystallklåre vatn og ville elvar. Me var SÅ klare. Misforstå meg rett; eg elskar vinteren. Den klåre, deilige vinterlufta. Så definert at det skjer deg litt i halsen om du tek deg eit djupt drag. Men det var no- no  me endeleg skulle introdusere småen for det som verkeleg betyr noko: V I L L M A R K A. Me hadde allereie testa oss nokre netter i telt. Me hadde kartlagt våre veike sider me visste me måtte ta omsyn til, og me visste kvar me har mykje å gå på for at denne turen skal bli vellukka. Ei veke på Hardangervidda med kjærasten blir som ein spasertur. Då eg tidlegare har finpussa på mi eigen pakkeliste, har eg no måtte byrje å planlegge pakkeliste for ein fyr til. Og han er ikkje lite kravstor. Han søv midt på dagen, han treng dobbelt så mange klesskift som resten av turfølgjet, og han lar oss andre bære bagasjen hans for han.

Klar for ei veke på Hardangervidda?

Klar for ei veke på Hardangervidda?

Og så var det dette med bleier. Som eit-og-eit-halvt åring var han ikkje akkurat pottetrent, og sjølv om bleier ikkje er særleg tungt, tek det VELDIG stor plass- i sær når ein pakker for ei veke på loffen. Og det verste er at dei aukar i både tyngd og volum ettersom dagane går. Avgjerdsla om å prøve tøybleier var difor ikkje veldig vanskeleg å ta, det måtte berre litt intensiv youtube-kikking, og eit par mailar til Ingebjørg i www.utetid.net til før mestringskjensla kom. Eg fann også stor hjelp i gjesteinnlegget Elisabeth frå Utejenter har skrive i bloggen www.turbaby.com.

Bleievask i solnedgang

Bleievask i solnedgang

For å få med oss dette lasset med mat, klede og utstyr, lokka vi den noko uerfarne, men svært så læreviljuge Onkel S med oss på tur. Etter å ha blitt “friluftsfrelst” for eit par år sidan, har han hatt ei bratt læringskurve, og han har lært ein ting og to. Slik som at ein må sjå kva veg elva renn før ein planlegg å padle 20 km oppstrøms, eller at ein strengt tatt ikkje treng å ta med seg 5l vatn i sekken når ein skal på telttur til eit fiskevatn i Noreg.  Bikkja er det ingen hjelp å få av, ho vert deprimert berre vi tek på ho ein enkel trekksele, og eg hadde redusert bærekapasitet med bæremeisen. Onkel S bidrog med både humør og muskelkraft.

Gjengen er klar for avgang

Gjengen er klar for avgang

Destinasjonen me plukka ut var eit område me var kjent i; me tok utgangspunkt i Trondsbu (Tinnhølen) på Hardangervidda, derifrå kunne me rekke både DNT sine hytter innan ikkje alt for mange timars marsj (om ting skulle skjære seg fullstendig), og me kunne likevel gå vekk i frå dei store DNT-merka stiane som går mellom hyttene.

Det er mykje ein kan planleggje, men, som så mange gonger før, går ikkje alt alltid etter planen. Været er noko ein verkeleg ikkje kan gjere noko med. Og kven skulle vel tru at denne sommaren skulle bli tidenes beste sommar? Me var riktig optimistiske då me tok av ved Dyranut og køyrde inn mot Trondsbu. Temperaturen omlag 1100 m over havet var 22 grader pluss, og sola hadde skine nesten ein månad i strekk allereie. Ei kraftig ettermiddagsbyge kom rullande inn over vidda, og Onkel S kunne fortelje at han ikkje hadde teke noko regnklede med seg. Me venta til det verste var over før vi byrja fordelinga av felles utstyr til sekkane. Panikken tok oss nesten då vi ikkje fann bensinflaska til brennaren, og «alle» meinte at «nokon» måtte ha tatt den med heimafrå (for den stod vel ikkje att heime i gangen, gjorde den vel?).

Brenselsflaska dukka opp, og vi kunne leggje inn over vidda. Den knusktørre jorda supte til seg fuktigheita frå regnbyga best den kunne, og det lukta friskt av fjellet. Me hadde funne ein stad på kartet ved nokre vatn me ynskte å slå leir den fyrste natta. Frå parkeringa skulle det være rundt 4 km i luftlinje, og heilt overkommeleg for det vesle sigøynerfølgjet vi såg ut som.

Dei fyrste par kilometrane gjekk greitt, men så byrja det å bremse i bæremeisen. Småen ville gå sjølv. Og så ville han jo ikkje det. Men han ville ikkje i meisen. Han ville sitje i lyngen og lukte på blomar. Steinar måtte snus, ligg det noko spennande kryp under? Og sauebæsj! Lekre perler i klasar som låg både her og der.

Kvifor sitte i meis når ein har to perfekte bein å gå med og verdas beste venn å dele turen med?

Kvifor sitte i meis når ein har to perfekte bein å gå med og verdas beste venn å dele turen med?

Omsider kom me fram til vatna som planlagt, men trass i at dagen var på hell, var det varmt. Veldig varmt. 1300 m over havet. Og så- takka vera regnskuren byrja eit inferno av klekking. Mygg, klegg og fluger stima kring oss som.. ja nettopp-mygg. Og svoltne var dei.

Idyllisk, seier du? Førestill deg eit telt på kokepunktet og så mange mygg at trekk du pusten slepp du å tenke på middag

Idyllisk, seier du? Førestill deg eit telt på kokepunktet og så mange mygg at trekk du pusten slepp du å tenke på middag

Det finst ikkje mykje skygge høgsommarsdagen på Hardangervidda. Telta måtte difor setjast opp der det best let seg gjere. Ikkje eit vindpust å kjenne. Vatnet i bekken var lommevarmt. For mykje mygg og insekt til å opphalde seg ute i den fine sommarskvelden. For varmt til å opphalde seg inne i telta. Ein småtass som ikkje greier å sove i den stilleståande lufta. Sutring fordi han er trøytt, men greier ikkje å sovne. Ei bikkje som ligg med halve kroppen inne i teltet for å sleppe dei bitande småkrypa, og den andre halvdelen pesande på utsida. Kor lenge kunne vi halde ut under slike forhold? Værmeldinga var ikkje til å misforstå- slik kom det til å være så lenge langtidsvarselet på yr.no viste.

Varmt i teltet, mygg i den litt svalare sommarkvelden. Det er eit hundeliv.

Varmt i teltet, mygg i den litt svalare sommarkvelden. Det er eit hundeliv.

Klokka var vel knapt 6 då sola steikte så godt at teltet ikkje lenger var ein verande stad. Frukosten vart raskt fortært i rørsle for å ikkje overfôre myggen. Me avgjorde å la campen stå ei natt til for å vurdere om Hardangervidda i Sydenmodus var ein blivande stad å være. Me bestemte oss for å bruke dagen til å rusle til DNT-hytta Sandhaug, ei betjent hytte med alt ein vandrar måtte ynskje om lag 8 km frå campen. Fantastisk mat, trivelege hyttevertar, fiskerikt vatn og mange kjekke dyr for nysgjerrige born gjer at Sandhaug er ein stad me kjem til å kome tilbake til (nemnte eg den kalde fatøla?).

Småen var utilpass i meisen. Varmen gjorde alt klamt, men heldigvis var ikkje myggen særleg hissig på poden. Den likte best blod frå vaksne folk og frustrerte fuglebikkjer.

Som eit Soria-Moria i det fjerne ligg Sandhaug nede ved vatnet (eller meir som ein oase i ein ørken på ein slik dag)

Som eit Soria-Moria i det fjerne ligg Sandhaug nede ved vatnet (eller meir som ein oase i ein ørken på ein slik dag)

På veg tilbake til campen stoppa vi ved eit vatn for å bade av oss litt sveitte, sol og utallige mygglik som låg klistra på huda. Underleg var kjensla av å ikkje få det iskalde sjokket når ein hoppar uti eit fjellvatn. Det var nemleg godt lunka, og hadde ein svært behageleg badetemperatur.

Iskald dukkert i eit friakt fjellvatn? Ikkje mykje som gjev assosiasjonar til is og kulde her.

Iskald dukkert i eit friskt fjellvatn? Ikkje mykje som gjev assosiasjonar til is og kulde her.

Vel attende i campen tok me den noko tunge avgjerdsla eg heile dagen hadde nekta å godta. Hardangervidda utan skugge i 30 varmegrader er ingen stad for korkje småtroll eller lurvepelsar. Turen me hadde planlagt så godt ein heil vinter var over før me nesten var komen i gang. Etter nok ei heit, søvnlaus natt pakka vi campen og vendte våre solbrente snutar tilbake til frisk sjøluft og bris. Den Store Utflukta me skulle leve lenge på, var redusert til to fattige dagar i høgfjellet. Eg var vonbroten, men skjønar når nok er nok.

Det er ikkje lett for ein småtass å sove i eit alt for varmt telt. Då er pappas fang og myggnettet godt å ha.

Det er ikkje lett for ein småtass å sove i eit alt for varmt telt. Då er pappas fang og myggnettet godt å ha.

Det er ikkje mi eventyrlyst eller behov som kjem fyrst lenger. Eg kan sjå så mange inspirerande TV-seriar eller lese så mange bøker om villmarka eg berre greier. Det er småen som no kjem i fyrste rekke. Skal han lære å bli like glad i fjellet som eg, må me gje han gode opplevingar som gjev han lyst til å være ein del av desse turane. Då må det skje på hans premissar- ikkje mine.

Å byggje turgleda til eit born er som å byggje ein varde; med tolmod og stein-på-stein kan ein byggje ein bauta som står i all slags vær- resten av livet.

Å byggje turgleda til eit born er som å byggje ein varde; med tolmod og stein-på-stein kan ein byggje ein bauta som står i all slags vær- resten av livet.

Posted in Uncategorized | 11 Comments

Gode førebuingar er halve jobben (og turen?) / Planning is half the trip

I vår har vi regelmessig “trent” for Utflukta med stor U. Med eit vårvèr ein berre kunne draume om, har det ikkje vore vanskeleg å pakke sekken for å dra dit “asfalten aldri rekk”. I vinter, då småen så smått byrja å gå, var den opprinnelege planen at mor og far skulle bære ein stor sekk kvar, og at minsten skulle gå sjølv, kombinert med å kvile seg på mamma og pappa sine skuldre. Du vert nok ikkje overraska når eg no fortel at DET kunne me berre leggje på hylla. Små bein vert fort trøytte, og eg har enno tilgode å gå på tur med ein sekk eg ikkje fyller opp (til randen)- ta ein sprellande 11 kilos akkar med gummistøvlar på toppen, og det vil bli heilt umogleg å komme seg frå A til B innan rimeleg tid.

DSC01698

Stor, men liten. Vil helst gå sjølv, men korte bein vert også trøytte

Då var det berre å kutte på rasjonar, klesbyte og knask. Fram med bæremeisen. Er det mogleg å stappe to soveposar i botnen på ein bæremeis, tru? Treng vi oljebuksa? Kor lite mat kan bikkja framleis bjeffe på?

Pakka og klare for treningsekspedisjon- med bæremeis

Pakka og klare for treningsekspedisjon- med bæremeis

For de som har lest litt av bloggen tidlegare, eller gjerner kjenner oss, veit at det er H E I L T essensielt for eit visst familiemedlem at teltet vert sett opp i nærleiken av eit fiskevatn. Dette resulterar (diverre) ofte i underlege turval, kun avgjort fordi “nokon” har sett eit passande vatn eller ei spennande elv på flyfoto på googlemaps. At det manglar sti eller passande teltplassar på slike stader, vert ofte ignorert. Slike ting kjem gjerne for ein dag når ein trør i brakeskogen på 3 timen og mor sitt blodsukker er i fritt fall. Betre vert det ikkje når den planlagte teltplassen (som såg så fin ut frå flyfotoet på googlemaps) eigentleg er ei myr. Flaks for destinasjonsutplukkaren at han er ein framifrå turkokk.

Destinasjonssjef. Kvar var stien, sa du?

Destinasjonssjef. Kvar var stien, sa du?

Ein skal alltid gløyme litt. På vår andre treningstur gløymte vi liggeunderlaget til knotten. “For ei skrekkeleg mor eg er” gnåla eg til han som brått vart medskuldig. Me var ikkje særleg gira på å snu, så vi ofra den firbeintes faste soveplass i sekken til fordel for småen. Greit med sekkar som kan opnast heilt! Lurvepelsen la seg forøvrig på tvers av heile familien i løpet av natta, Prinsessa på Erta som ho er.

Småen ligg i pappa sin sekk, og bikkja søv på ein haug av klær med jervenduken som botn

Småen ligg i pappa sin sekk, og bikkja søv på ein haug av klær med jervenduken som botn

Ei felle som vi har gått i mange gonger i dei dagar vi var utan born, er “vi får sikkert fisk”-fella. Til trass for at superfiskaren er super til å fiske (og å plukke ut spennande fiskevatn- og elvar frå googlemaps), monnar det sjeldan til overflod i steikepanna når middagen skal lagast. Vi tek difor alltid med oss nok mat- så får fisken være ein knallgod bonus når fiskelukka endeleg står oss bi’.

Litt ekstra polarbrød i sekken kan redde ein fiskelaus tur

Litt ekstra polarbrød i sekken kan redde ein fiskelaus tur

Så- skal det kome noko vettugt ut av desse treningsturane, er det iallefall følgjande:

1) Vær (minst) to om å velgje ut destinasjon. Slik hindrar ein at nokon i turfølgjet surnar heilt som følgje av at “det ikkje var heilt dette eg hadde tenkt”, og at destinasjonsansvarleg får seg ein realitetssjekk. Når poden blir litt eldre, kjem hans stemme til å telje dobbelt- minst.

2) Test utstyr før det takast med på tur- særleg brennarar (både gass og bensin) treng service etter ei tids bruk.

3) Lag gjerne pakkelister i god tid i forvegen. Rablar ein ned ei liste på måfå medan den andre hiv i bilen, gløymer ein garantert noko. Begynn gjerne nokre dagar i forvegen, og når du har ei liste som fungerar skikkeleg godt- gøym den og ta den fram til neste tur.

4) Bruk lista når de pakker i bilen- det hjelp ikkje at “liggeunderlag til småen” står på lista, når det vert gløymt att på trappa.

5) Mat mor med jamne mellomrom.

6) Destinasjonen er ikkje målet. Turen og tida saman er målet.

Historia om Utflukta med stor U vil komme som neste blogginnlegg.

Ha ei fin veke så lenge!

Har du testa ditt kokeutstyr før du legg ut på tur?

Har du testa ditt kokeutstyr før du legg ut på tur?

 

Planning is half the trip

So- since early spring, we have trained for the Great Expedition this summer. We bought a new tent, bought a proper sleeping bag for the little guy (which he can have for years), and I started to look for a new backpack. I’ve had my beloved backpack for years; it has joined me around the world, and carried my stuff from back and forth between student residents and my parent’s house. But let’s face it: Everything evolves, even backpacks. Ever since our little trooper ran his first steps in March, I was convinced we could wear a backpack each, and let the little guy take a nap on our shoulders if he got tired. But guess what: just after a short test hike in the woods behind our house, we understood it would be a more comprehensible task to send our dog to the moon.

Nice to hold daddy's hand when the road get's to bumpy

Nice to hold daddy’s hand when the road get’s to bumpy

My plan of a new backpack was put on ice, and we had to take a closer look on our baby carrier: Could we fit three (small) sleeping bags in it? How much underwear did I REALLY need for three days? Would the dog still bark on half her feed ration?

Dads huge backpack when mine was swithced back to the baby carrier

Dads huge backpack when mine was swithced back to the baby carrier

After cutting a long list of treats and yummies in two, reducing the amount of clothes (I didn’t really needed an extra change of wool underwear when the forecasts said 20 degrees and sunny evenings) and leaving at least two fishing reels behind, we only had to agree on our destination. And when I said “agree”, I’m referring to my self-nodding and smiling to my better half when he proposed the destination. For those who knows us, or has read the blog, you might have noticed that at least one of our family members has an unhealthy addiction for fly fishing. This means that we always end up in places where there are at least a remote chance to catch a trout. He is always on the look for new places to fish, and googlemaps is (unfortunately) frequently used in the hunt for untried lakes and rivers.

We had walked for hours without a train to follow. FINALLY we could follow a river bed

We had walked for hours without a train to follow. FINALLY we could follow a river bed

Because of this- we end up in areas where no man has placed a foot since Napoleon was still alive, and the lake that looked so nice on googlemaps, is actually a muddy pond, and there is literary no place to pitch the tent in the wetland surrounding the so-called lake.

Probably the nices place we hae pitched our tent this summer- he was lucky with this one!

Probably the nices place we hae pitched our tent this summer- he was lucky with this one!

We have also learned how to forget things, and how to handle without things that are almost necessary when camping. On one of our “test trips” we forgot the sleeping mat for the baby. We didn’t realize it until the tent was pitched, and we were in one of this googlemaps- found places without a trail or a path leading to it. The dog normally sleeps in dads backpack because it can be opened fully in front with a zipper. She drew the shortest straw for the night, and we placed the little guy in dads backpack. The dog ended up a cross of us all during the night, so she didn’t exactly suffer.

Happy crowd after a good night sleep

Happy crowd after a good night sleep

 

So from this “test trips” we have learned the following:

  • Agree on the destination. If you haven’t engaged yourself in the planning of the trip, you don’t really have the rights to complain about the chosen road
  • Test equipment before you set of- especially cooking stoves, both gas and gasoline, needs service and some TLC every now and then. You do NOT want to be stuck far away from home without the possibility to cook.
  • Make packing list in advance- not while you are packing. When you have found a list that really works for you, hide it well, and use it to plan your next trip!
  • Use the list when you pack the car- if not, one sleeping mat might just be forgotten on the porch.
  • Feed mom regularly
  • The destination is not the goal- the trip and the time spent together is.

 

Have you tested your gear before you go camping?

Have you tested your gear before you go camping?

The story about the Expedition with capital E will come as the next blog post. Have a nice week!

 

Posted in Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr, Uncategorized | Tagged , , , , , , , , , , , , , , , , | 7 Comments

Problemløysing i praksis – ryggbæring // Practical solutions

Eg hadde nesten gitt opp å bruke Ergobabyen på “åleineturar” då eg (som tidlegare skildra) synes det var eit riktig mas å få småen på plass på ryggen. For det tok gjerne 20 minuttar å få den blekksprut-aktige babyen på plass, og då var me både sveitte og sure heile gjengen. Bikkja hadde gjerne gått og lagt seg att i rein frustrasjon. Men- etter litt overtaling frå Ingebjørg i utetid.net, og litt studering av denne videoen  fekk eg dreisen på sakene.

Hueproblemet

Og kva så med mitt siste argument MOT å ryggbære åleine på tur, nemleg det store hue problemet? For  kom me oss endeleg ut døra, var det hua som sklei hit og dit som forsura den ellers gode stemninga. Eg vart kontakta av Gro i vindunerbarn.no som meinte ho hadde løysinga- nemleg ei hue som ikkje gjekk på avveie. For godt til å være sant? Eg fekk høve til å prøve, og ei veke seinare dukka den knallfine Elefanthua frå ManyMonths opp i postkassa- og den er sjølvsagt i ull og er lenger i halsen og nakken enn vanlege huer slik at den ikkje sklir. Etter minst 15t i testbruk på tur er dommen klar: hue på avveie er historie! Hurra! Bileta av den supre hua kan ein sjå under.

Practical Solutions

I had almost given up the Ergobaby carrier for back-carrying on solo trips. I have previously written about the problem, I had huge trouble getting the baby placed correctly without breaking a sweat, and worse- we always ended up cranky. And the crankiness only escalated when the beanie never seemed too corporate- it always ended up somewhere it didn’t belong. But- after leaving some frustration about the topic here on the blog, I was encouraged by Ingebjørg in utetid.net not to give up, we are now back carrying with the Ergobaby like nothing ever happened. I watched this video over and over again, until I felt I had it under control.

But the what about the beanie/hat problem? I was contacted by Gro in Vindunerbarn.no who meant she had the solution: a hat that doesn’t wander off to places it shouldn’t. It is called the “Elephant hat”, and its a bit longer in front and in the back than regular pull-over hats. It is produced by ManuMonths, and it is off course made off wool.  We have tested it for at least 15 hrs the last few weeks, and we have a winner! The hat-problem is officially history!

 

Her kjem ei kjapp innføring i “pysekastet” – mogleg litt moderert av underteikna


 

This is a short intro to the safest way of placing a baby in an Ergobaby carrier on your back

Du treng ein stk (glad) baby // Start with a happy baby

Du treng ein stk (glad) baby // Start with a happy baby

1. Ta på selen som om du skulle bære babyen på magen. La ryggstroppene være lange og romslege // Put the carrier on just as if you would carry the baby in front. Keep the shoulder reins long.

1. Ta på selen som om du skulle bære babyen på magen. La ryggstroppene være lange og romslege // Put the carrier on just as if you would carry the baby in front. Keep the shoulder reins long.

2. Putt babyen oppi // Insert (still smiling) baby

2. Putt babyen oppi // Insert (still smiling) baby

3. Ta eit godt grep over begge ryggstropper // Place your hands over each shoulder reins

3. Ta eit godt grep over begge ryggstropper // Place your hands over each shoulder reins

4. Lukk hendene rundt ryggstroppene  og før dei mit kvarandre til dei møtast // Close your hands over the shoulder reins and let them meet in the middle of your chest

4. Lukk hendene rundt ryggstroppene og før dei mot kvarandre til dei møtast // Close your hands over the shoulder reins and let them meet in the middle of your chest

5. Samle begge reimer i høgre handa. No sit babyen heilt lukka i selen, og di venstre arm/ skulder kan førast ut av venstre ryggstropp // Collect both reins in your right hand. The baby is completely locked within the carrier, and you can safely take your left arm out of the left rein/strap.

5. Samle begge reimer i høgre handa. No sit babyen heilt lukka i selen, og di venstre arm/ skulder kan førast ut av venstre ryggstropp // Collect both reins in your right hand. The baby is completely locked within the carrier, and you can safely take your left arm and shoulder out of the left rein/strap.

6. Vri bornet mot høgre- bruk venstre hand som hjelp (sjå for deg at du skal slenge ein skipssekk på ryggen) // Slide the baby clockwise towords your back. Use your left hand to help.

6. Vri bornet mot høgre- bruk venstre hand som hjelp (sjå for deg at du skal slenge ein skipssekk på ryggen) // Slide the baby clockwise towords your back. Use your left hand to help.

7. Fingergrepet på høgrehanda er det same, men sjølve handa er vridd, og eg må no vri høgre alboge inn under den ryggstroppen som starta som venstre ryggstropp- men som no er komen på høgre sida // The right hand is still the same, but as the baby has been moved to the hip, my right albow is slides into the strap that started as a left strap, but is now the right strap

7. Fingergrepet på høgrehanda er det same, men sjølve handa er vridd, og eg må no vri høgre alboge inn under den ryggstroppen som starta som venstre ryggstropp- men som no er komen på høgre sida // The right hand is still the same, but as the baby has been moved to the hip, my right albow is slides into the strap that started as a left strap, but is now the right strap

9. Eg let ventstrehanda møte høgrehanda på baksida, og ventrehanda tek den venstre stroppen // Let the left hand meet your right hand over your shoulders, and let the left hand take the left strap

9. Eg let ventstrehanda møte høgrehanda på baksida, og ventrehanda tek den venstre stroppen // Let the left hand meet your right hand over your shoulders, and let the left hand take the left strap

10. Venstrehanda held venstre stropp, høgre handa held høgre // left hand holds the left strap, right hand holds right strap

10. Venstrehanda held venstre stropp, høgre handa held høgre // left hand holds the left strap, right hand holds right strap

11. Før venstre arm inn i venstre stropper. Stram til babyen sit som den skal. // Slide your left arm into the left strap. Thighten the carrier until the baby sits properly.

11. Før venstre arm inn i venstre stropper. Stram til babyen sit som den skal. // Slide your left arm into the left strap. Thighten the carrier until the baby sits properly.

12. God tur! // Enjoy the outdoors!

12. God tur! // Enjoy the outdoors!

Posted in Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , , , , , | 11 Comments

Fem ting eg ikkje ville vore villmarksbabytida forutan / Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without!

Ikkje ana eg kor mykje rare greier ein kan få av babyutstyr før småen var flytta inn. Det kjenst nesten som at det finst ein gadget for kvar utflukt eller utfordring. Men nokre av desse “gadgetsa” ville eg ikkje vore babytida for utan, og her skal eg gje ei liste over 6 smarte ting eg vil tilrå andre friluftselskande babyforeldre, samt kvifor.

1) ErgoBaby Bæresele
Av alle ting me har arva, er dette den gjenstanden me har brukt absolutt mest, og som me har satt mest pris på- utan tvil. Det noko heilt spesielt og veldig herleg ved å bære ein liten baby tett på brystet. Det finst nokre andre bæreselar på marknaden som er smidd over same lest, det viktigaste er at bornet ligg tett på kroppen, og at det ikkje “heng” i frå skuldrane til den som ber. I tillegg er det viktig at det kjenst godt for den som skal bære bornet ôg- at ikkje ein kvir seg for å gå på tur fordi ein ikkje får til bæreselen.

Ergobabyen kan i seg sjølv brukast frå babyen er 3 mnd gamal, før den tid kan ein bruke eit nyfødt-innlegg i selen, slik at den nyfødde ligg tett og godt. Me byrja å bruke ergobabyen ved 3 månaders alder, og den er fortsatt i bruk. Til skilnad til t.d. bæremeis, er det mykje lettare å kontrollere temperaturen på ein baby som ligg tett inntil kroppen, og har ein eit beskyttande trekk over, treng ein heller ikkje å kle så mykje på babyen heller på dei kaldaste årstidene.
www.tettinntil.no kan ein lese meir om å bære med sjal eller formsydd bæresele (som ErgoBaby er), samt finne masse tips om bruk.
Med ErgoBaby bæreselen har me det siste året kunne fortsetje å gjere det me elskar: nemleg å være ute. I nærast all slags vær, varierande høgdemeter og dekke har me fått mange turminne takka ErgoBabyen. Framleis ikkje overtydd? Les meir på www.ergobaby.com

Liten tass på høg fjelltopp i Ergobaby bæresele

Liten tass på høg fjelltopp i Ergobaby bæresele

2) Vindtrekk til bæresele
Det blir litt snakk om vind her, men når ein fyrst bur på ein stad det bles mykje, blir ein gjerne opptatt av slikt ôg. Me har eit fleece-fôra vindtrekk til bæreselen som me har hatt stor glede av. Når vêret er dårleg eller uforutsigbart, vel me heller å bruke bæresele med vindtrekket over, enn å bruke bæremeisen. I meisen vil babyen være meir eksponert for vêr og vind. I bæresele med vindtrekk over, vil tronarvingen kunne liggje lunt og godt- og du som forelder vil sleppe å bekymre deg over om det er for kaldt eller om det bles for mykje- du kan slappe av og nyte turen🙂
Vårt vindtrekk har me arva, og kjem herifrå: www.mamdesign.net

Godt å ha ein lun plass når vinden vert for krass

Godt å ha ein lun plass når vinden vert for krass

3) Bæremeis som passer godt til heile husstanden
Frå tid til anna er det lettare å bruke meis enn bæresele (eg har skrive meir om det her), og då me skulle velgje meis, hadde me nokre kriterier:

1) Småen må sitje bra i meisen utan å verte “hengjande” når han sovnar
2) Me skal ha ein meis med grei oppbevaringsplass
3) Meisen må være god å bære for både mamma på 161 cm og pappa på 184 cm
4) Den bør ha moglegheiter for både sol- og regnskjerming

Me fann fort ut at fleire meisar oppfyller pkt 1) greitt, men i sær pkt 2) og 3) var verre å innfri. Me las oss gul og blå på testar på nettet, og fann ut at Osprey Poco Premiuml åg godt an i mange forum og testar. Me har ein dagstursekk frå Osprey frå tidlegare som i sær mor i huset er veldig begeistra for, så etter ein kjapp test i butikken (småen var med) var me ikkje i tvil: me har funne ein vinnar! Meisen er lett å justere i ryggen, så ein lett kan byte på å bære utan at den kjenst for liten for far, og for romsleg for mor. Selen som held småen på plass er god og polstra, og det er mogleg å justere høgda til småen- slik at han kan vekse i bæremeisen og framleis sitje fint. Ein god bøyle kan vippast ut slik at ein lett kan setje frå seg meisen på bakken. Med to handtak er det også lett å flytte på meisen, samt å svinge den opp på ryggen- trass i vekta. I tillegg har den heile TO store rom til å pakke ekstra skift, matpakker, thermos, Jervenduk, sitteunderlag, kamera og sjokolade i. Det eine rommet kan til og med fjernast og brukast som eigen dagstursekk.

Nyter Osprey Poco Premium -utsikt

Nyter Osprey Poco Premium -utsikt

4) Vindsekk: Jervenduk
Jervenduken er ikkje berre for folk med små born, men for alle som ferdast i villmarka. Jervenduken er ein vindtett duk med ein million ulike bruksområder. Kva om du er på tur og vert utsett for noko uforutsett? Av og til bles det “nordavind frå alle kanter”, og det let seg ikkje å finne ly nokon stad. Med ein jervenduk i sekken held ein både på varmen, og ein får ein vindfri stad å byte bleie, få i seg matpakka, amma, you name it. Og regner det litt under søndagsturen kan ein spenne opp duken som gapahuk. Mange gonger har eg vore takknemleg over å ha Jervenduken i sekken. For kva gjer ein når ein er ute med bæremeisen og vinden bles hardare enn ein hadde tenkt? Då pakker ein jervenduken rundt den vesle som sit i meisen. Les meir om Jervenduken på www.jerven.no. For ordensskuld må eg nemne at bikkja har ein eigen duk som heiter Jervehiet. Då småen var baby, var dette Jervehiet som skreddersydd til småen, og litt mindre og lettare å ha med seg på dei ikkje alt for lange turane på sommartid.

Bleieskift frå innsida av ein Jervenduk

Bleieskift frå innsida av ein Jervenduk

5) Ein god vogn/sovepose
Småen er fødd ein kald januardag, og har frå han var omlag ein månad gamal, sove best ute. I ly for vêr, vind og nabokatter har småen sove i vogna si i Voksiposen. Voksi har fleire typer vognposer, alle inneheld ull, men ein får også nokon med dun. Vår pose, Voksi City, har ein blanding av ull og dun. Den kjem også med “forlengar”, slik at ein kan bruke posen til bornet er opp mot 6 år. Vel verdt investeringa. For me har ikkje berre brukt den som vognpose. I sommar pakka me ein stappfull bil og drog på fjellet. Hytta vi budde i (fantastisk beliggenheit, kan leigast billig på http://www.inatur.no – anbefalast!) låg eit stykke frå vegen utan høve for oss å ta med oss korkje vogn eller reiseseng. Me batt saman to lenestoler og slang Voksi-posen oppi- og vips- me hadde ei perfekt seng (ville ikkje ha funka like bra no når småen er ultra-mobil). Sidan Voksi-City-posen inneheld mest dun, let den seg lett pakke, og den veg nærsagt ingenting.
Seinare same sommar vart den brukt som sovepose på den fyrste teltturen. Denne teltturen kan du lese meir om her.
Og sist- men ikkje minst: no på vinterstid er den også super å ha med seg i pulken!

Klar for fyrste overnatting på fjellhytte- i Voksipose!

Klar for fyrste overnatting på fjellhytte- i Voksipose!

God og varm i pulken med Voksiposen

God og varm i pulken med Voksiposen

Kva ting ville ikkje de vore forutan i babytida?

Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without!

When the little guy moved in, I had no idea how much stuff he would drag in as well. There is not a problem or a thing there is not a solution for- and some stuff has been more useful than others. Below you’ll find a list over the five greatest outdoorsy baby gadgets we have- and why we love it so much:

1) A baby carrier: the Ergo Baby Carrier
This is the one thing I really wouldn’t have been without. Thanks to the carrier, we have been able to reach places far off the road from others. This has been really important to us- when we expected a child, we decided to never stop being outdoors- despite having a not very mobile family member. We used a sling when the baby was newborn (read more about that here) but changed to the Ergo Baby Carrier when the baby was about 3 months old, and- a year after- we still use it, and expect to use it at least 3 more years.

The view is best from an Ergo baby carrier!

The view is best from an Ergo baby carrier!

2) Protective cover for the Ergo Baby Carrier
We live in a windy place, and even if it was calm and nice when we left the house, it probably won’t stay calm the rest of the trip. With a windproof cover, I’m never anxious about whether the baby is freezing, or if the wind bothers him. Our cover comes from www.mamdesign.net . It simply keeps the baby warm, and it let me concentrate on more important things; like a bird, a new path, and the dog, whatever. It makes me relax🙂

A warm cover keeps me and the baby happy and dry

A warm cover keeps me and the baby happy and dry

3) A child carrier backpack
Every now and then, a really good child carrier backpack comes in handy. For those short everyday- trips, I prefer to use the Ergo Baby carrier, but if I plan to hike for longer distances or time alone with the baby, it is very useful to be able to bring food, diapers, and extra clothes. In  a child carrier backpack with some extra room, you could easily fit all that stuff.

A happy baby in the Osprey Carrier

A happy baby in the Osprey Carrier

We had a few criteria for the carrier:

a)      The carrier must be comfy for the little one, and if he falls asleep, he wouldn’t be “hanging” in carrier

b)      The carrier must have some extra room for food, clothes, etc

c)      The carrier must be comfortable to carry for both mom, 5ft,3ich, and dad, 6+ft.

d)      The carrier must have sun- and rain cover

After a little research, we ended up with the Osprey Poco Premium carrier, and we are very satisfied. The carrier is very easy to adjust (makes quick shifts between mom and dad possible), and the baby sits safe and comfortable in its seat. Read more about this carrier here !

4)      A wind- and weather proof  sack

This type of bag is not only for parents with small children, but for everyone that enjoys the outdoors. Ever experienced that the sun was shining when you left, but at some point, the dark clouds came out of no-where, dragging the cold wind along? If you’re close to home, there is really no problem, but if you are far out in the outback or in high altitudes, a sudden change of weather is not something to play with. With a wind- and weather proof sack you always have a shelter to crawl in to. When hiking with children, I always bring the wind sack along. Our wind sack comes from www.jerven.no (“the Wolverine”) Imagine how horrible it must be for the baby to be changed, exposed to rain and wind! It can also be used as a poncho, perfect for nursing!

A diaper change inside the Jerven bag (wind sack)

A diaper change inside the Jerven bag (wind sack)

Lunch in the Jerven bag

Lunch in the Jerven bag

5)      A warm sleeping bag

This might sound a bit strange, but in Scandinavia, it is perfectly normal to let babies sleep outside for their naps- all year around. For temperatures below -10 degrees C (14DG F) the government advises parents to let the babies sleep inside. We dress the babies up in wool and put them in wool- or dune bags, and leave them for a good nap during the day. Our little guy was borne a cold day in January, and when he was around 1.5 month, he started to sleep outside. We always use a sheep-skin in the bottom of the stroller, and have a wonderful dune bag on top of it. We chose to buy our sleeping bag from http://www.voksi.no, both because it is filled with wool in the bottom, and the rest is filled with high quality dune. It comes with an expander, which makes it possible for the baby to use up to 6years of age. We have also used the bag on camping trips and in the baby sled (the “pulk”).

Ready for a nap in the sledge (pulken) in the sleepingbag from Voksi

Ready for a nap in the sledge (pulken) in the sleepingbag from Voksi

What kind of stuff wouldn’t you have been your outdoor-family-life without?

Posted in Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , , , , , , , , , | 10 Comments

Bæremeis eller bæresele? / Nobody put’s baby in a corner- but what about a carrier?

Tidlegare har eg skrive om bæresele, og om å bruke dette på tur med baby. Men kva når babyen byrjer å bli litt større, skal ein velgje meis eller fortsetje med bæresele? Ved ni-månaders alderen kjente eg på at Småen byrja å bli litt tung å bære på magen, så eg byrja så smått å bære han på ryggen med bæresele. Men- hjelpe meg- så styrsleg det er å få kravlefanten på plass når han skal sitje på ryggen! Han er akkurat som ein ål- kravler og buktar seg, og for ein stakkars sveitt mamma som skal feste Knotten, byr det på utfordringar. Ein laurdag morgon me var heime åleine og skulle på tur, måtte me stikke innom naboen for å få hjelp til å få hua festa- den var sklidd av i all baskinga og sat ikkje ein gong i nærleiken av der den skulle sitje. Ti minuttar seinare måtte eg stoppe ei framand dame for å be om hjelp til å feste hua att. Me gjekk berre fem minutt til før eg gav opp og flytta Knerten over på magen der eg har full kontroll på den vesle ormen. Kjapp konklusjon: nett no er ikkje bæresele løysinga om eg skal åleine på tur og bære på rygg.

Knerten på ryggen- Ein skal ha gode teleskoparmar til å nå bak til den hua der!

Knerten på ryggen- Ein skal ha gode teleskoparmar til å nå bak til den hua der!

I haust kjøpte vi bæremeis. Modellen vi skulle ha var nemleg på tilbod, og vi kunne like gjerne spare litt peng sjølv om småen var litt liten for denslags eventyr. Me byrja å bruke den litt etter litt. Fem minutters hundelufting her, ti minutters tur i skogen der. Auka det gradvis. Bæremeisen har “stigbøylar” slik at beina hans ikkje heng rett ned, men han var litt for liten til at han sat skikkeleg.

Ein liten turkompis i form av ein ulve(?)bamse kjem med bæremeisen- til stor glede for Småen

Ein liten turkompis i form av ein ulve(?)bamse kjem med bæremeisen- til stor glede for Småen

Då småen nærma seg 10 mnd satt han jo godt sjølv, og syntes det var veldig festlig å få med seg alt som skjedde rundt. Heilt perfekt å byrje å bruke bæremeisen, altså. Men så var det dette med vind og temperatur- for det er ikkje å stikke seg under ein stol at småen er tryggast for vèr og vind i ein bæresele der han ligg tett innpå kroppen min eller pappa sin med eit beskyttande trekk over seg. Vi løyste utfordringa i Ole Brumm si and; “ja takk, begge deler”.

Vind og uforutsigbart fjellvær? Småen vert raskt pakka ned i bæreselen- lunt og godt!

Vind og uforutsigbart fjellvær? Småen vert raskt pakka ned i bæreselen- lunt og godt!

Vinteren så langt har vore prega av eindel vind og lite snø, men vi er like glad i å være på tur likevel. Og vi går ofte lenger enn ein time på tur. Då pakker vi bæremeisen men det vi måtte trenge (skifte til småen, mat, drikke og jervenduk), og putter ergobaby bæreselen også oppi. Bæremeisen vår, Osprey Poco Premium, har veldig god plass til oppbevaring, så vi får med oss såpass utan problem.

På denne måten kan vi ta oss lange turer utan å være bekymra over at småen kanskje frys, eller at han blir sliten i den vesle kroppen av å sitje i meis. I tillegg er småen så nysgjerrig av seg at han sjeldan sovner i meisen. Han elsker å sitje å synge på uforståleg babyvis på ryggen. Lange turer blir det dessutan ofte ein del av, i sær når den herlege lurvepelsen vår i blandt tek seg ein bonustur over neste fjell i jakta på fjørkledte godsaker..

Ingenting å seie på utsikta frå pappa sin rygg

Ingenting å seie på utsikta frå pappa sin rygg

Og når småen ein gong blir for stor til a dra med seg i ergobabysele på langtur (eller det er andre begrensingar) ynskjer vi oss denne til å halde småen god og varm på tur: http://www.birnadal.no/ . Den ser utruleg herleg ut, og det beste av alt er at ein slepp å kle småen i ein heil haug med klær for å komme seg ut- her vil ein kunne kle småen som om han skulle ut i vognposen! -Og skulle nokon ha nokre heite tips til korleis ein lett og greit bær ein kravlande ål på ryggen med bæresele er eg svært interessert i tips!

Nobody put’s baby in a corner- but what about a carrier?

Earlier, I have written about carrying the baby both in an Ergobaby carrier, and in an Osprey poco premium carrier. We love both, but what to choose if you plan a longer trip? When our baby reached 10 months he sat without support, and we started to bring him in the Osprey carrier instead of the Ergobaby carrier- sometimes I was home alone with the baby and his “partner in crime” (the dog), and carrying the baby on the back in the Ergobaby was very stressfull- I had to pop in to the neighbours before each trip, because his hat A L W A Y S would end up somewherelse than his head. And my arms are not long enough to get it back to the correct “position”. We started slowly with the Osprey Carrier- 10 minutes here, 10 minutes there. And after a while we used it for smaller trips.

Okay- so the hat still ends up in a funny angle, but at least it is MUCH easier to fix with the kiddo in the back of the Osprey Carrier than in the ErgoBaby

Okay- so the hat still ends up in a funny angle, but at least it is MUCH easier to fix with the kiddo in the back of the Osprey Carrier than in the ErgoBaby

But he was not protected against wind and weather in the Osprey Carrier as he were in the Ergobaby carrier. We solved it by bringing both carriers for longer trips. The Osprey carrier has a lot of room in the compartments, and we can easily bring an extra change for the baby, food and a wind-proof cover- just in case. Quite often, we started out using the Osprey carrier, but changed to the ergobaby if the wind became worse, or if our little man got tired- still, the Ergobaby is better for him to sleep in, and it is much easier to control his temperature when he lies close to our body under the cover. This way we have continued to take long hikes, despite low temperatures and cold wind.

A bit difficult to discover, but there is a sleeping beauty attached to my back- well protected against wind and weather

A bit difficult to discover, but there is a sleeping beauty attached to my back- well protected against wind and weather

If we for some reason stop bringing the ergobaby in the future, I would love to try the “Birnabag” (http://www.birnadal.no/), a warm and windproof bag that fits most carriers on the market- Imagine to just dress the baby as if you would put him or her in a warm strollerbag! No more 4 layers of clothes!

Posted in Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , , , , , , , , | 22 Comments

Med beina godt planta på jorda / Earthbound

Før du les vidare, vil eg berre seie ein ting: eg har ingen sponsor, ingen vareprøver har til no dumpa ned i postkassen min. Alle saker og ting eg nemnar i teksten min, er anten kjøpt sjølv, eller fått som gåve. Eller jo- eg har ein slags sponsor: søster mi. Som tidlegare nemnt har me arva både stort og smått frå deira aktive familie- vi snakker pulk, haugevis av slitesterkt ullundertøy, votter i to-sifra antal, parkdresser, stellesaker, barnevogn, voksipose, Ergobaby bæresele, og ein trilliard andre saker og ting eg korkje ana at eg trengte før eg fekk det, og no veit eg ikkje kva eg skulle gjort utan. Me burde hatt etternamnet deira på skidressen og huene våre. Men det er ikkje det eg skal skal skrive om i dag.

Aarghh.. #denfølelsen. Korleis komme seg opp og ikkje minst NED her utan satse lårhalsen?

Aarghh.. #denfølelsen. Korleis komme seg opp og ikkje minst NED her utan satse lårhalsen?

De som las førre innlegg, fekk kanskje med seg at broddane mine forsvann i kvar si myr medan eg ropte etter Mannen med ljåen og bikkja i same andedrag. Til jul fekk eg nye brodder, ein annan type enn dei eg brukte før. Eg må berre seie det: eg er solgt.

Isbrytarar: Favorittmat! IS!

Isbrytarar: Favorittmat! IS!

Med mine nye brodder kan eg vinke farvel til den litt ugne følelsen eg får når eg må ned ein bratt, islagt bakke med småen på ryggen. Borte er gangsperra eg får i musklane på innsida av låra eg får når eg har gått ned eit fjell og vore så redd for å dette at eg har knipe saman alt av musklar for å “bremse” farta (jada, heilt idiotisk). Jomfruturen med broddane gjekk til Ulriken, eit av Bergen sine kjekkaste byfjell. Her er ei av rutene for tida stort sett islagt då det renn ein liten bekk i skaret ein går opp. Eg hadde med meg lurvepelsen på ein kveldstur, og endte opp med å måtte bære ho ned fleire stader på returen. Eg hadde stålkontroll!

Med mine nye Kahtoola MICROSPIKES kjem eg meg faktisk fram overalt- med Knotten på ryggen!

Med mine nye Kahtoola MICROSPIKES kjem eg meg faktisk fram overalt- med Knotten på ryggen!

Så- nokre ting er for gode til å være sanne, men i blant ramler ein over ting som faktisk er SÅ gode- og desse broddane er heilt eineståande. Så gode ting kan ein ikkje halde for seg sjølv, så eg måtte nytte høve å dele. Gløymte eg å nemne kva dei heiter? Kahtoola MICROSPIKES. Hipp hurra!

Earthbound

I just wan’t to make one thing clear before you read further: I have no sponsor, I have not received any stuff in my post box. All the products I choose to mention in my blog is either bougth or received as a gift from family of friends. Spreaking of family and sponsors, I should mention that I could actually define my sister as a sponsor. We have been given all sorts of great stuff from her action-loving family. Stroller(s), warm merino wool underwear in heaps, mittens for all sorts of occations and weather conditions, ergobaby carrier, voksi bag, sled (pulk), you name it. We should seriously consider to have their name on our clothes and bumpersticker. But this is not today’s topic.

Would you feel like walking up here with a kid on your back and no spikes? No? Thougth so.

Would you feel like walking up here with a kid on your back and no spikes? No? Thougth so.

For those of you that read my last post, learned that I lost my spikes in a wet marsh- while I was hauling for the dog and the devil at the same time. I got a new pair of spikes for Christmas, this time a different brand that I hadn’t tried before. I am S O L D. Never again will I feel anxious while I follow an icy path with my kid in the carrier, never again will I choose long detours to avoid icy roads. I will (hopefully) never break my handrist because I fell on ice. These spikes are too good not to tell about.

Testing out my new Kathoola MICROSPIKES- feels good!

Testing out my new Kathoola MICROSPIKES- feels good!

My first trip with the spikes was up my favourite local mountain, Mt Ulriken. The mountain is difficult to mount during winter because small rivers freeze in the narrow path that leads to the mountain. I brought the dog for an evening trip, and ended up carrying the dog down from the mountain- I was as stedy as a draught horse, she was like bambi on ice. Did I mention the name of the spikes? Kahtoola MICROSPIKES.

We wouldn't have reached this far today without the spikes.

We wouldn’t have reached this far today without the spikes.

Posted in Hundehjørnet, Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , , , , , | 7 Comments