På tjukken i fjellet

Kvar sommar sidan me traff einannan har kjærasten min og eg teke oss turar i fjellet på sommarstid med telt og fiskestang. Nokre gonger har me hatt selskap av venner, andre gonger har me vore kvarandres selskap. Alle turar har vore unike, og alle turar går inn i kategorien “fantastiske”. Me er ikkje heilt spartanske når me pakker sekken. Me er begge glad i god mat og drikke, og iallefall underteikna er oppteken av å kunne ta på seg reint undertøy kvar morgon (kva kjærasten har behov for legg eg meg ikkje opp i). Me har heller aldri brukt ostehøvel når såpestykket vert pakka, og tannbørsten får behalde skaftet. Dette resulterar kvar sommar i ein god oppakning. Men det går stort sett fint. Ruta vert lagt opp tentativt kvar morgon, og gode leirplassar veg tyngre enn avstand.

..... og sekkane våre er ikkje akkurat av det minste slaget..

…og sekkane våre er ikkje akkurat av det minste slaget..

Så- ein tidleg mai-morgon fann me ut at turfølget (som i løpet av eit par år også hadde fått fire pelskledte bein ekstra), skulle utvidast med eit medlem til.

Gleda vart stor, men samstundes meldte ein heil drøss spørsmål seg. Kor stor oppakning kan ein gravid eigentleg bære? Kor aktiv kan eg være? Må planane om tur på Hardangervidda leggjast om i sommar?

Me fann svar på det fyrste spørsmålet etter kort tid- gravide bør ikkje bære tungt. Samstundes lokka langtidsvarslet for pinsehelga med strålande sol. Eit alternativ var å nytte seg at turistforeniningen sine flotte hytter (me er trufaste medlemmar), men ikkje alle hytter passer like godt for vårt familiemedlem med poter og pels. Etter ein runde på ein velassortert sportsforretning fann me løysinga: dette er verdas beste unnskyldning til å kjøpe kano!

Glad kjærast og lukkeleg bikkje

Glad kjærast og lukkeleg bikkje

Me gjekk for den samanleggbare varianten, Ally, og den viste seg å både vera grei å slå opp (bruksanvisninga vart teken i bruk ved fyrstegongs bruk), stabil då det skumma litt på bølgetoppane, og lett å dra mellom vassdrag. I tillegg kunne me skeie litt ekstra ut i matvegen når me hadde så god plass (absolutt heilt naudsynt når ein i turfølgjet et for to).

Bikkja vår hadde knapt satt sjøbein tidlegare, og det var knytta spenning til om ho i det heile kom til å akseptere denne formen for transportmiddel. I tillegg er ho av det (over-)aktive slaget, så me var litt usikker på om ho kom til å føle seg godt nok mosjonert undervegs. Og så var det den gravide- vil fleire timar i ein bølgjeskvulpande farkomst føre til overdreven kvalme og generell uhygge i den vesle arken?

Heldigvis holdt både hund og kvalme seg i ro- kanskje takka gode pausar undervegs og regelmessig påfyll av mat.

Ein tuller ikkje med næringstilgangen når ei gravid kvinne er på tur!

Ein tuller ikkje med næringstilgangen til ei gravid kvinne!

Resultatet vart fleire flotte turar til stader me ikkje hadde oppsøkt om det ikkje hadde vore for at me no måtte ta vassvegen. Det beste var at me kunne halde fram med turane våre til trass for veksande mage og etterkvart verkande rygg. Turmåla med kano kjem det eigne innlegg om.

Hurra for kano som framkomstmiddel!

“Pregnant lady “-alert in the backcountry

Ever since we first met, my boyfriend and I have hiked the endless summer nights in the Norwegian mountains. Sometimes we have been accompanied with good friends, sometimes it has been just the two of us.

A heavy packpack, filled with dreams, warm clothes and jucy meals
A heavy packpack, filled with dreams, warm clothes and jucy meals

Two years ago, our herd was expanded with a new member. My boyfriend is a dedicated hunter, yet hunting can be a very lonely activity. Our new tribal member was the kind that could accompany the hunter in the mountains, and me on the couch or join us for a run. You might have guessed right: a dog- with all its accessories- wet snout, muddy paws and begging eyes at the dinner table.

The Dog with capital D. An irish setter with the best snout in the country
The Dog with capital D. An irish setter with the best snout in the country

The three of us has spent many nights in the tent; we’ve had a number of gourmet dinners (and not so gourmet) outside no matter season. A good meal and comfortable nights is half the adventure. I also enjoy to put on a fresh pair of undies every morning (I don’t put my nose in what my boyfriend desires), we don’t amputate the toothbrush   and as a result of this; our backpacks were never in the “light” category.

Okay- we don't bring the espressomaker every time, but when we have room for it- nothing tastes like a proper coffe...
Okay- we don’t bring the espressomaker every time, but when we have room for it- nothing tastes like a proper coffe…

When we discovered we were expecting a fourth member in our little family, I thought I would miss an entire summer of hiking and camping in the mountains. Carrying a heavy backpack isn’t exactly doctor’s order under those circumstances. My boyfriend has been drooling over an Ally foldable Canoe, and now he finally found an extremely good reason to buy one. With a canoe we could pack everything we needed in the canoe, we could go far into the backcountry, and we could even bring our dog. And the best thing: I didn’t have to carry a single item. We can’t wait until our little adventurer gets big enough to join us in the canoe!

The dog is ready to break camp, and to spend an other beautiful day in the canoe
The dog is ready to break camp, and to spend an other beautiful day in the canoe
Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Gravid, Outdoorbaby in english, Pre-baby and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s