Om bekkenløysing og ein komande fars draumar om støtteordning for husarbeide

Eg fekk bekkenløysing fire månader før termin, og streng melding frå fysioterapeut om å kutte ned på fysisk aktivitet, maks 30 min i slengen. Med fysisk aktivitet var også alt husarbeid medrekna. Det var difor med blanda kjensler eg kom heim og serverte denne nyheita for kjærasten min.  Eg fekk det til og med nedskrive på ein lapp frå fysioterapeuten slik at han ikkje skulle tru eg tulla. «Redusert livskvalitet» var alt han hadde å seie. Og då meinte han sjølvsagt ikkje det at eg måtte kutte ned på turgåing og trening, men rett og slett at han måtte ta ansvaret for alt husarbeid åleine. «Finst det økonomiske støtteordningar for slikt?» spurte han i neste andedrag.

Magen fekk lufta seg sine 30 min kvar dag- her på luftings i "varmare strok"

Magen fekk lufta seg sine 30 min kvar dag- her på luftings i “varmare strok”

Eg brukte mine 30 minuttar med lovleg turgåing nærsagt kvar einaste dag. Hunden vår treng ein god luftetur kvar dag, og nærmiljøet vårt eignar seg godt til småturar i skogen og på fjellet. Denne tida var eg heilt avhengig av broddar. Med desse følte eg meg trygg på isen, sjølv om eg ikkje lenger greidde å sjå skotuppane mine. Eg var ikkje så rask til beins heller, men det viktigaste for meg var å komme meg ut.  Broddane eg brukte var slike som består av gummi og ein stålwire som er surra rundt gummien. Dei eigna seg godt på frosen mark, grusveg og sti. Men til vinteren kjem eg til å investere i eit par grovare sett med broddar, slike som berre består av kjetting og piggar. Eg brukte nemleg to par av dei fyrstnemnte (gummien rauk), og på rein is tek dei ikkje like godt.

Takk til raudpelsen som fekk meg ut kvar dag trass snø og isføre

Takk til raudpelsen som fekk meg ut kvar dag trass snø- og isføre

I tillegg til denne noko ufrivillige «isklatringa», var eg på «gravid-trening» i gruppe hjå fysioterapisenteret Tonus AS ein gong i veka.  Det var svært nyttig for å halde bekkenløysinga i sjakk, samstundes å bygge/oppretthalde riktig muskulatur kring bekkenet mot fødselen. Dei som jobbar på Tonus AS er eineståande dyktige når det kjem til alt som har med bekkenløysing å gjere.

"Finst det støtteordningar for komande fedre som må ta ansvaret for alt husarbeide?" Det er tøft å ha gravid kjærast. Han visste det ikkje då, men då dette biletet vart teken, var det berre 48t til vår lille familie hadde fått eit nytt medlem.

“Finst det støtteordningar for komande fedre som må ta ansvaret for alt husarbeide?” Det er tøft å ha gravid kjærast. Han visste det ikkje då, men då dette biletet vart teken, var det berre 48t til vår lille familie hadde fått eit nytt medlem.

Slik haldt eg altså på heilt fram mot termin. Vesletrollet var venta i midten av januar, men like etter vi bytta kalender frå 2012 til 2013 var han lei av å vente.  Seinast dagen før termin var vi ute i skogen på tur- det gjekk sjølvsagt seint og i såkalla «vaggande» gange, men eg er heilt overtydd om at det å halde seg i rimeleg grei fysisk kondisjon fram mot fødsel gjorde fødselen både lettare og til ei betre oppleving.

Om lag to veker etter fødselen fekk misteguten være med på sin fyrste tur i skogen- i bæresjal under jakken

Om lag to veker etter fødselen fekk misteguten være med på sin fyrste tur i skogen- i bæresjal under jakken

Del gjerne dine erfaringar om temaet!

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
Aside | This entry was posted in Pre-baby and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s