Ein noko annleis telttur

Småens fyrste sommar var vèrmessig sett betre enn på fleire år, likevel fekk me ikkje brukt teltet før me kom ut i august. Kjærasten min hadde fått lov til å ta seg ei «frihelg» på fisketur i Troms med ein kompis. Sjølv var eg litt usikker på kva eg skulle finne på (å være heime åleine med ein 7 mnd gamal baby og ein rastlaus hund kan by på utfordringar), så då eg fekk høvet til å være med på telttur med eit anna vennepar med ein gut på 15 mnd, var eg ikkje vond å be.

Image

Å vera heime åleine med desse to luringane ei heil helg er altså ikkje eit alternativ. Oftast strekar dei til kvar sin retning, og når den eine har slokna, kan ein være heilt sikker på at den andre vil ha kos.

Destinasjonen fall på Ormhilleren, eit friluftsområde på Sotra med fine bade- og fiskeplasser, moglegheiter for buldring, og kanskje viktigast når me gjer noko slikt for fyrste gong: det var ganske lett å kome til (det går grusveg frå parkeringsplass ned til området).

I pre-baby tida kunne me vakne til sol og fint vèr på laurdagsmorgon, hive oss rundt, og være klare for fjellturar med overnatting på ein halv time. Berre så det er sagt: den tida er definitivt forbi. Ikkje berre skulle eg pakke mine eigne saker med telt, mat, klede og kokeutstyr, men også bikkja og Mini måtte jo ha «litt» assistanse til dette. Typisk nok var dette morgonen Mini var så grinete han knapt nok hadde vore før. Det einaste han ville, var å sitje på armen medan eg pakka. Sat eg han ned, starta sirena. 3 timar seinare var me ute av døra. Note to self: pakk når poden søv.

Dagen var svært vellukka, me grilla, ein pappa fridykka og fann både fisk og kamskjel, bikkja fekk selskap av ein anna hund, og borna utforska både gras og sand. Når me er fleire på tur i lag er det stas å bu i lavo, men denne gangen fall me ned på å setje opp to telt med litt avstand til kvarandre. Grunnen til dette er at begge borna kan vakne i løpet av kvelden og natta, og me håpte å unngå at dei kom til å vekke kvarandre.

Image

Det krevst eit par ekstra hender å mate ein mobil baby i friluft- i sær om verda rundt er så alt for spennande!

Alt låg til rette for at det skulle bli ei fantastisk oppleving. Då sola var på hell, dukka det opp ei utfordring me ikkje hadde teke godt nok høgde for: Knotten. Den helvetes, irriterande, bitande, altoppslukande knotten. Den finn vegen inn i alle tenkjelege kroppsopningar, mikroskopiske sprekker mellom kleda, og i auge. Før Mini vart lagt i teltet, var han smurt inn i lavendelolje. Ein skal ikkje bruke insektmiddel på små babyar, men eg las ein stad på nett av lavendelolje kunne gjere susen. Han vart godt smurt inn i ansikt og på kleda, og eg var nøye med å alltid lukke nettingen i teltet. Heldiggrisen slapp unna med berre eit stikk (eller bitt) frå djevelskapet. Utover kvelden vart situasjonen så ille for oss utanfor telta, at me ikkje ein gong brydde oss med å lage middag. Det vart ein tidleg kveld (då hadde bikkja for lengst rømt inn i forteltet for å gøyme seg for knotten).

Image

Til og med ikkje eit godt, gamaldags brakjebål holdt knotten på avstand..

Teltet vårt, eit Macpac Olympus, er eit av dei beste kjøpa me har gjort. Me kjøpte det på New Zealand for nokre år sidan, og eg vert glad kvar gong me slår det opp. For ikkje berre er det svært lett å bære (3.1 kg), det er idiotenkelt å setje det opp. Så lett at eg fint greier det sjølv på 10 minutt til tross for at poden kryper rundt, og at bikkja helst vil ha kos. På denne turen fekk eg ei ny god aha-oppleving som eg ikkje har tenkt over tidlegare. Myggnettingen på dette teltet består nemleg av to lag: eit vanleg myggnett-lag, og eit lag som er endå tettare. Det gjer at knotten (som er så liten at den lett kjem gjennom den vanlege myggnettingen) vert stoppa ved døra, og ventilasjonen er framleis god. Herleg! Herleg var det diverre ikkje for mine venner i naboteltet. Myggnettingen på deira telt stoppa ikkje fandenskapet, og ved midnatt var dei nøydt til å bryte opp leiren og reise heim. Situasjonen var rett og slett ikkje haldbar for eittåringen og foreldra hans. Dei var som servert på sølvfat til dei griske, flygande djevlane. Eg vurderte eit augeblikk å slå følgje, men poden sov så tungt han ikkje har gjort på lenge. I tillegg var teltet vårt framleis knottfritt, så me vart verande.

Image

Macpac’en ferdig oppslått, klar for innflytting

Mamma’n i naboteltet kom i går med følgjande lærdom etter turen:

« 1) fyrste gong ein teltar med baby bør det være på ein stad ein slepp å puste knott.

2) Bruk telt med knottnetting, myggnett er berre tull.

3) Telt ein stad med moglegheiter for retrett ».

Eg signerar gjerne denne lærdommen!

Image

Friluftsmødrene har søkt tilflukt i myggnett. Straks etter dette bilete var teke fann me ut at maskene i nettet var for store, og knotten hadde fri veg inn til kveldsmaten sin.

Dagen etter var småen i perlehumør. Det regna litt, og knotten var framleis svolten. Eg greidde å pakke all «nellikane» våre inne i teltet- då eg gjekk ut, var det berre sjølve teltet som stod att. Eg hadde heldigvis teke vogna til Mini med, den hadde stått med regntrekk heile natta, og var god og tørr. Eg sat poden raskt i vogna under regntrekket, og håpa på at knotten ikkje ville finne ut at det var mogleg å fly under trekket og opp til festmåltidet. Sjølv såg eg ut som eit stykke bobleplast i to dagar etter dei 10 minutta i friluft eg brukte på å pakke ned teltet.

Image

Ein baby i perlehumør gjorde nedpakkinga til ein leik, og den var unnagjort på 10 minutt

Det verkar som at Mini trivst godt i telt, og me kjem nok til å sove ute igjen snart. Men det må bli på ein stad utan knott. Og eg skal pakke medan småen søv.  Og dersom pappaen er skikkeleg grei, skal han få invitasjon til å bli med han ôg.

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Outdoorbaby's eventyr and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Ein noko annleis telttur

  1. Pingback: Fem ting eg ikkje ville vore villmarksbabytida forutan / Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without! | OutdoorBabyBlog

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s