Eit passande antrekk- om å kle ein småtass som skal sitje i bæresele

Eg skal innrømme at det å kle seg er blitt ei «greie» for meg, men eg trur at feil påkledning eller kanskje mangel på kunnskap om korleis ein kler seg gjer at mange kvir seg for å gå ut om det er litt «vèr», uansett årstid.  I grunn er ikkje påkledning så vanskeleg. Ingen likar å være våte. Ingen likar å fryse. Ingen likar å koke over, og ingen liker at vinden skjer gjennom kleda som ein kniv. Det som opplevast som riktig påkledning for èin, kan være i overkant mykje for ein annan. Eit godt døme er min eldste nevø. Guten er av den varmblodige typen, og har blitt grinete av tjukke ullklede heile livet. Han er av ein slik type at eit lag med ullundertøy (eller aller helst berre superundertøy) under ytterkleda er akkurat passe i 10 minus.

Klar for haust! Ute er det ti grader,  vind og litt regn i lufta, men under eit vindtett fleecctrekk skal dette bli ein fin-fin tur!

Klar for haust! Ute er det ti grader, vind og litt regn i lufta, men under eit vindtett fleecctrekk skal dette bli ein fin-fin tur!

Som skriven i tidlegare blogginnlegg, har eg teke med meg småen ut på tur sidan han var knappe to veker gamal. Det fine med å bruke ein bæresele der babyen ligg tett inntil kroppen, er at det er mykje lettare å kle småen.  Så lenge det er mogleg å bære babyen under jakka, vil babyen ha det godt og lunt. Men det er ein ting og to ein bør tenkje på.  Sjølv sveittar eg litt når eg går i fjellet, og gjerne litt ekstra når eg har x kg tilleggsvekt i bæreselen. Difor kler eg småen berre i ull når han ligg inntil kroppen min. Ull har ein heil drøss med supre eigenskaper, og for å nemne nokon: som alle veit er ull godt og varmt på kalde dagar, men det kjenst også svalande på varme dagar. Og det beste er at når ull vert våt blir den ikkje kald slik som til dømes bomull vert.

Image

Ein slik dag som er typisk vanskeleg for store og små i klesvegen: Det er september, sola skin mellom regnbygene, men når sola tek seg ein pause vert det fort kjølig. Småen har difor fått på seg ei ekstra ullselebukse over stillongsen.

I dag finst det mange produsentar av ullklede til babyar og småborn. Dei er stort sett produsert i merinoull og klør ikkje. Eg har fleire favorittar, men hugs for all del å unngå merinoull der dyra vert utsett for mulesing. Eg kjem ikkje til å gå nærare inn på fenomenet mulesing her, det finst nok av artiklar om dette på nett. Gjer eit kjapt søk, og eg kan garantere deg at du har kjøpt ditt siste mulesing produserte merinoull-plagg. Ei liste over dei produsentane som ikkje bruker merinoull frå produksjon med mulesing  er å finne her.

Kalenderen seier august, men på Ulriken er det likevel litt kjølig. Godt å kunne låne jervenduken til loppesirkuset slik at ein held på varmen

Kalenderen seier august, men på Ulriken er det likevel litt kjølig. Godt å kunne låne jervenduken til loppesirkuset slik at ein held på varmen

Når me går på tur med bæresele har småen oftast på seg eit eller to tynne lag med ull. Gjerne body/stilongs el strømpebukse innerst, og ein sparkedress over. Ytterst bruker eg eit  vindtett fleecefôra trekk over bæreselen dersom det er behov for det.

Ein vindfull dag på høgfjellet. Då er det godt å liggje trygt inne i ein vindtett og fleecefôra pose!

Ein vindfull dag på høgfjellet. Då er det godt å liggje trygt inne i ein vindtett og fleecefôra pose!

Eg trur eg med handa på hjarta kan seie at me har vore på tur i all slags vèr, og berre ein gong har me snudd då me skjøna at vèret ikkje lot seg kle ute. Då halve sør Noreg bada i sol og 30 grader i sommar hadde me leigt ei hytte gjennom Bergen Jeger og Fiskeforening ved Hallingskarvet. Draumen om lange turar i høgfjellet var absolutt tilstades. Diverre greidde ikkje draumesommaren å strekke seg heilt til hyttedøra vår, og av alle ting vart me faktisk vèrfast. I midten av juli. På sosiale medier kom det stadig nye oppdateringar med kvitvin, utepils og grilling. Me fyrte i peisen og spela yatzi medan vinden ulte i stiv kuling på utsida. Den eine turen me prøvde å ta varte i omlag 50 meter. Då gav både hund og baby klår tilbakemelding om at hyttelivet var å føretekke.

I sommar hadde me nokre verkeleg flotte dagar opp mot 30 grader i Bergen. Ein av desse dagane gjekk me over Vidden frå Fløyen til Ulriken. Som alltid fekk småen på seg ein ullbody, men me droppa etter kvart stillongsen. Vi la over ein tynn bomullssarong for å beskytte småen for den sterke sola

I sommar hadde me nokre verkeleg flotte dagar opp mot 30 grader i Bergen. Ein av desse dagane gjekk me over Vidden frå Fløyen til Ulriken. Som alltid fekk småen på seg ein ullbody, men me droppa etter kvart stillongsen. Vi la over ein tynn bomullssarong for å beskytte småen for den sterke sola

Eit kjapt byte i det fri’. Me har alltid med oss byteklede på tur. På denne turen sveitta eg så godt at småen var gjennomvåt då me stoppa for pause. HJan ville nok blitt kald om han ikkje fekk på seg tørre klede

Eit kjapt byte i det fri’. Me har alltid med oss byteklede på tur. På denne turen sveitta eg så godt at småen var gjennomvåt då me stoppa for pause

Ein regnfull ettermiddag i Bergen, men i skogen er det fint å gå

Ein regnfull ettermiddag i Bergen, men i skogen er det fint å gå

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Outdoorbaby's eventyr and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

2 Responses to Eit passande antrekk- om å kle ein småtass som skal sitje i bæresele

  1. Kristin says:

    Hva har du på babyen når det regner? Har du eget regntrekk til bæreselen?

    • outdoorbaby says:

      Hei Kristin! Ein kan få kjøpt eigne regntrekk til bæresele, eller du kan gjere som eg; sy eit. Det eg til slutt endte opp med som beste alternativ, var å kjøpe meg ein regnponcho som er designa for å ha baby på magen. Det finst også jakker til ryggbæring. Min kjøpte eg hos http://togethergear.com . Den var forøvrig veldig fin å ha då eg var gravid med nr 2 og ingen regnklede passa lenger. Og som innbygger i Bergen er regnklede faktisk heilt naudsynt.. Sjekk også ut http://www.vidunderbarn.no, der finst det mange ulike bæreomslag som både er regn-og vanntette.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s