Jegerbaby!

I vår vesle familie navigerar me etter to høgtider- og då snakker eg ikkje om jul eller 17.mai. For eit husstandmedlem byrjer påska i juli når elvefisket etter aure tek seg opp, og nyttårsafta kjem 10.september når småviltjakta opner. Som kjærast har eg i fleire år vore klar over desse høgtidene, og akseptert deira inntog i vår felles kalender. Sjølv har eg bursdag i midten av juli, og har opplevd at min utkåra vel å feire den i eit bittelite telt med andre hårete menn for å jakte på fisk. Etter at småen kom til verda har min kjære redusert denne aleinetida i villmarka, men det er uansett tid som er heilt naudsynt å bruke for å halde vettet og hovudet på plass. Eg hadde difor ingen grunn til å protestere då familiens jeger pakka sekken og tok med bikkja nesten 2000 km nord til eit paradis utan mobildekning. Tilfeldigvis skulle vår søte og morsomme baby forvandles til eit søvlaust lite monster med tenner i løpet av denne veka han var på tur. Tre tenner spratt ut på seks dager, og det kjentes ut som at tre timer var omlag alt eg sov samme periode.

Stor og liten jeger: den store jegeren får truleg selskap av ein liten ein resten av hausten

Stor og liten jeger: den store jegeren får truleg selskap av ein liten ein resten av hausten

Eg hadde difor to val då den euforiske jegeren og hans trufaste følgjesven kom tilbake til sivilisasjonen: eg kunne sei at han aldri, aldri, aldri fekk lov å korkje reise frå oss eller dra på jakt igjen (ein blir litt rar av å være aleine med ein skrikete baby ei heil veke), eller eg kunne insistere på å bli med neste gang. Eg er glad me gjekk for siste alternativ.

Heilt greit å halde oppsyn frå framsida ôg..

Heilt greit å halde oppsyn frå framsida ôg..

Eg har aldri vore noko særleg på den jeger eller jakt-greia, men sanninga er at det er ein strålande måte å gå på tur på. Når eg snakker om jakt her, meiner eg jakt på småvilt, aller helst rype eller skogsfugl. Ein går utanfor etablerte stier på hjortetråkk, og går ein utan hund, må alle sanser være påskrudd 110%. Ein lytter litt ekstra til lyder, ein prøver å lese terrenget, og ein veit aldri kva tid “riktig” fugl pluseleg vil reise seg frå lyngen. Med jakthund som selskap kan ein være så heldig at ein får oppleve å jobbe saman med sin beste venn. Det så sjå hunden utfalde seg i sitt rette element er ôg ei sterk oppleving for mange. Men å gå på jakt i vestlandsterreng er ei krevjande affære med bratte skråninger, uoversiktlege avsatsar og steinete fjelltoppar. Som nemnt ovanfor kjentes dette alternativet lettare enn å være nok ei helg åleine med småen og dei gryande tennene hans.

Jaktfamilien klar for fyrste økt: Peltorkids'a er på!

Jaktfamilien klar for fyrste økt: Peltorkids’a er på!

Vakkert vestlandsterreng i haustfargar. Utsikta er meir enn nok belønning  (men OK, så tar eg gjerne ein sjokolade bit ôg)

Vakkert vestlandsterreng i haustfargar. Utsikta er meir enn nok belønning (men OK, så tar eg gjerne ein sjokolade bit ôg)

Været i slutten av september kan som kjent være noko uforutsigbart. Me pakka sekkene for både regn og vind, og fekk i stor grad bruk for sistnemnte. I høgfjellet kan det være vanskeleg å finne ly for vinden, og då er Jervenduken god å ha. Då vi stoppa for å ete lunsj, var det på tide med eit bleieskift i same slengen. Men i sju grader og vind hadde det blitt ei sur oppleving for småen i bar rumpe. Temperaturen i Jervenduken stig raskt, så bleieskiftet vart unnagjort med latter frå hovudpersonen.

Lufttørking er vel og bra, men det er greit å sleppe å fryse rumpa av seg

Lufttørking er vel og bra, men det er greit å sleppe å fryse rumpa av seg

Den fyrste dagen på jakt hang småen på magen min som han har gjort sidan han vart fødd. Men no bikkar han straks ni månadar, og har nådd omlag 8 kg. Det kjente eg på ryggen då ferda gjekk ned frå fjellet. Det vart ein smertefull retur, men sidan mini sov og eg hadde sekk på ryggen, let det seg ikkje så lett å flytte han bak. Dag to pakka me alt i ein sekk, og lot mini sitje “bak”. Eg føler eg ikkje har like god oversikt, men med tida kjem det nok. Eg synes også det er litt vanskeleg å manøvrere hørselsvernet når han heng der bak. Heldigvis kan jakt med hund faktisk gje oss litt tid på å anten gå unna eller få på hørselsvernet- i motsetning til om ein går på støkkjakt uten hund. Det vart losna skot, men småen let seg ikkje påverke nemneverdig.

Mini sitter bak heile dag to, og ser ut til å trivast ganske bra.

Mini sitter bak heile dag to, og ser ut til å trivast ganske bra.

Kosestund i lyngen etter at nista er fortært. Den store lærar den lille om trygge soppartar

Kosestund i lyngen etter at nista er fortært. Den store lærar den lille om trygge soppartar

Bråkebabyens fyrste jakt gjekk heilt smertefritt, og var nærsagt vellukka. Men likevel lærte me noko til neste tur:

 

1) Sjekk alltid at det er gass på gassbeholder (evt ta med ein ekstra) før ein dreg heimefrå (unaudig å seie at me tok med oss ein tom behalder på tur fyrste dagen, godt me hadde smurt niste i tillegg..)

2) alt som kan mistast frå ergobabyen bør tjorast fast: smokker og votter i sær

3) ta ein pause og et litt mat før ein pakker heile familien inn i bilen for å dra tilbake til sivilisasjonen: grining i bilen er slitsomt for store og små.

Til slutt vil eg seie at ingen dyr eller fuglar vart skada i helgas jakt (over hovudet ikkje den brilliante bikkja si skuld, her må ein skulde på jegeren)- men bonusen var å finne mykje kantarell vi tok med heim til middag.

Lukkeleg hund koser seg i pausen før neste økt

Lukkeleg hund koser seg i pausen før neste økt

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Hundehjørnet, Outdoorbaby's eventyr and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

7 Responses to Jegerbaby!

  1. Rita Ripman says:

    Suuper lesning!!! Takk for interresant stoff, utmerket nynorsk og en vidunderlig lett og humoristisk sjargong! Lettlest og humoristisk. Friluftsliv må bare bli morro når forfatteren besitter slik formidlingsevne!!!!

  2. Just a quick one to say that I think our little man has the same outfit as yours… 🙂

  3. Pingback: Fem ting eg ikkje ville vore villmarksbabytida forutan / Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without! | OutdoorBabyBlog

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s