Bæremeis eller bæresele? / Nobody put’s baby in a corner- but what about a carrier?

Tidlegare har eg skrive om bæresele, og om å bruke dette på tur med baby. Men kva når babyen byrjer å bli litt større, skal ein velgje meis eller fortsetje med bæresele? Ved ni-månaders alderen kjente eg på at Småen byrja å bli litt tung å bære på magen, så eg byrja så smått å bære han på ryggen med bæresele. Men- hjelpe meg- så styrsleg det er å få kravlefanten på plass når han skal sitje på ryggen! Han er akkurat som ein ål- kravler og buktar seg, og for ein stakkars sveitt mamma som skal feste Knotten, byr det på utfordringar. Ein laurdag morgon me var heime åleine og skulle på tur, måtte me stikke innom naboen for å få hjelp til å få hua festa- den var sklidd av i all baskinga og sat ikkje ein gong i nærleiken av der den skulle sitje. Ti minuttar seinare måtte eg stoppe ei framand dame for å be om hjelp til å feste hua att. Me gjekk berre fem minutt til før eg gav opp og flytta Knerten over på magen der eg har full kontroll på den vesle ormen. Kjapp konklusjon: nett no er ikkje bæresele løysinga om eg skal åleine på tur og bære på rygg.

Knerten på ryggen- Ein skal ha gode teleskoparmar til å nå bak til den hua der!

Knerten på ryggen- Ein skal ha gode teleskoparmar til å nå bak til den hua der!

I haust kjøpte vi bæremeis. Modellen vi skulle ha var nemleg på tilbod, og vi kunne like gjerne spare litt peng sjølv om småen var litt liten for denslags eventyr. Me byrja å bruke den litt etter litt. Fem minutters hundelufting her, ti minutters tur i skogen der. Auka det gradvis. Bæremeisen har “stigbøylar” slik at beina hans ikkje heng rett ned, men han var litt for liten til at han sat skikkeleg.

Ein liten turkompis i form av ein ulve(?)bamse kjem med bæremeisen- til stor glede for Småen

Ein liten turkompis i form av ein ulve(?)bamse kjem med bæremeisen- til stor glede for Småen

Då småen nærma seg 10 mnd satt han jo godt sjølv, og syntes det var veldig festlig å få med seg alt som skjedde rundt. Heilt perfekt å byrje å bruke bæremeisen, altså. Men så var det dette med vind og temperatur- for det er ikkje å stikke seg under ein stol at småen er tryggast for vèr og vind i ein bæresele der han ligg tett innpå kroppen min eller pappa sin med eit beskyttande trekk over seg. Vi løyste utfordringa i Ole Brumm si and; “ja takk, begge deler”.

Vind og uforutsigbart fjellvær? Småen vert raskt pakka ned i bæreselen- lunt og godt!

Vind og uforutsigbart fjellvær? Småen vert raskt pakka ned i bæreselen- lunt og godt!

Vinteren så langt har vore prega av eindel vind og lite snø, men vi er like glad i å være på tur likevel. Og vi går ofte lenger enn ein time på tur. Då pakker vi bæremeisen men det vi måtte trenge (skifte til småen, mat, drikke og jervenduk), og putter ergobaby bæreselen også oppi. Bæremeisen vår, Osprey Poco Premium, har veldig god plass til oppbevaring, så vi får med oss såpass utan problem.

På denne måten kan vi ta oss lange turer utan å være bekymra over at småen kanskje frys, eller at han blir sliten i den vesle kroppen av å sitje i meis. I tillegg er småen så nysgjerrig av seg at han sjeldan sovner i meisen. Han elsker å sitje å synge på uforståleg babyvis på ryggen. Lange turer blir det dessutan ofte ein del av, i sær når den herlege lurvepelsen vår i blandt tek seg ein bonustur over neste fjell i jakta på fjørkledte godsaker..

Ingenting å seie på utsikta frå pappa sin rygg

Ingenting å seie på utsikta frå pappa sin rygg

Og når småen ein gong blir for stor til a dra med seg i ergobabysele på langtur (eller det er andre begrensingar) ynskjer vi oss denne til å halde småen god og varm på tur: http://www.birnadal.no/ . Den ser utruleg herleg ut, og det beste av alt er at ein slepp å kle småen i ein heil haug med klær for å komme seg ut- her vil ein kunne kle småen som om han skulle ut i vognposen! -Og skulle nokon ha nokre heite tips til korleis ein lett og greit bær ein kravlande ål på ryggen med bæresele er eg svært interessert i tips!

Nobody put’s baby in a corner- but what about a carrier?

Earlier, I have written about carrying the baby both in an Ergobaby carrier, and in an Osprey poco premium carrier. We love both, but what to choose if you plan a longer trip? When our baby reached 10 months he sat without support, and we started to bring him in the Osprey carrier instead of the Ergobaby carrier- sometimes I was home alone with the baby and his “partner in crime” (the dog), and carrying the baby on the back in the Ergobaby was very stressfull- I had to pop in to the neighbours before each trip, because his hat A L W A Y S would end up somewherelse than his head. And my arms are not long enough to get it back to the correct “position”. We started slowly with the Osprey Carrier- 10 minutes here, 10 minutes there. And after a while we used it for smaller trips.

Okay- so the hat still ends up in a funny angle, but at least it is MUCH easier to fix with the kiddo in the back of the Osprey Carrier than in the ErgoBaby

Okay- so the hat still ends up in a funny angle, but at least it is MUCH easier to fix with the kiddo in the back of the Osprey Carrier than in the ErgoBaby

But he was not protected against wind and weather in the Osprey Carrier as he were in the Ergobaby carrier. We solved it by bringing both carriers for longer trips. The Osprey carrier has a lot of room in the compartments, and we can easily bring an extra change for the baby, food and a wind-proof cover- just in case. Quite often, we started out using the Osprey carrier, but changed to the ergobaby if the wind became worse, or if our little man got tired- still, the Ergobaby is better for him to sleep in, and it is much easier to control his temperature when he lies close to our body under the cover. This way we have continued to take long hikes, despite low temperatures and cold wind.

A bit difficult to discover, but there is a sleeping beauty attached to my back- well protected against wind and weather

A bit difficult to discover, but there is a sleeping beauty attached to my back- well protected against wind and weather

If we for some reason stop bringing the ergobaby in the future, I would love to try the “Birnabag” (http://www.birnadal.no/), a warm and windproof bag that fits most carriers on the market- Imagine to just dress the baby as if you would put him or her in a warm strollerbag! No more 4 layers of clothes!

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr and tagged , , , , , , , , , , , , , . Bookmark the permalink.

25 Responses to Bæremeis eller bæresele? / Nobody put’s baby in a corner- but what about a carrier?

  1. Ingebjørg says:

    Ikkje gi opp Ergoen, øving gjer meister! Vi foretrekker faktisk bæresele framfor meis heile bæreperioden, og hadde Ergo med i sekken på lange turar heilt til våre to eldste var i fireårsalderen. Ein skal vere ganske sterk for å bære ein fireåring i bæremeis, men når ein ber heilt inntil kroppen blir ikkje belastninga så stor. Det er ei treningssak å få babyen på ryggen (og det kan vere lurt å bruke luer som ikkje sklir), men det er veldig greit når ein får dreis på det. Sjå videoar på youtube og øv i ei seng eller framfor speilet heime. Sjølv sverger eg til supermannkastet for å få babyen på ryggen, men eg forstår at nokon synest det ser litt skummelt ut.

    • outdoorbaby says:

      Ååå du har jo heilt rett- det er mange grunnar til at eg burde halde meg meir til Ergoen, han sit jo mykje betre der enn i bæremeisen, og vèrmessig er han jo betre beskytta der (for ikkje å snakke om kor mykje mindre plass den tek i feks bilen når vi er på reise). Eg ser kanskje for meg at når han blir litt stivare i kroppen og greier å halde seg litt fast sjølv vert han kanskje lettare å få på plass? Du har nok heilt rett i at det er lettare å bera større born i Ergoen, ein bæremeis får ganske høgt tyngdepunkt etterkvart, så ein kan sikkert samanlikne det med ein sekk pakka for ein god vekestur. Eg skal gjere som du seier, sjekke ut YouTube og øve meg på supermann-kastet (fantastisk namn, forresten), så får vi sjå korleis detta går 🙂 Takk for oppmuntringa og sparket bak- det er jo igrunn berre latskap at eg ikkje har orka å gjere noko meir med det.

  2. Mae says:

    We love our Osprey. I generally put my daughter in her snow gear but I will have to see if we have any thing like the birnadal in the United States. Nice concept.

    • outdoorbaby says:

      Hi Mae!
      Thank you for your comment! The Osprey is definitely the best carrier of its type I’ve ever tried. The concept of Birnadal-bag is really cool, and as she writes, she came up with the idea when she got tired of dressing the smallest kid day after day with a dozen layers of clothes. Looks really nice, but I haven’t tried it my self. Perhaps they ship to the US? If you are really interested, I’m sure you can contact them, they might even have a distributor in the US. Good luck, and let me know if you find out anything about similar stuff in the US, or if they ship it to you!

      Ingebjørg

  3. Monica says:

    Jeg hadde ikke bæresele til førstemann mens han var baby. Men vi hadde en bæremeis, men den fikk vi jo ikke tatt i bruk før han var nesten året da han var veldig sen til å sitte selv. Og den bæremeisen ble det stort sett mannen som brukte da jeg syntes det ble fryktelig tungt. Derfor ble det mest trilleturer i skogen på meg, men jeg savnet veldig å dra på skogsturer alene med lillegutt så litt før han ble to år dro jeg å kjøpte ErgoBaby. Med så stort barn så var det ikke noe problem å få han plassert trygt på ryggen, og jeg ble helt frelst og etter det har vi knapt brukt bæremeisen…. Gutten min er nå 3,5 år og jeg bruker den fortsatt jevnlig på han. Etter lillesøster kom til verden har jeg blitt enda mer frelst av ErgoBabyen, det er så utrolig koselig å bære henne på magen. Men nå har hun blitt over 8 kg og jeg begynner merke at det blir tungt å bære på magen, så derfor er innlegget ditt veldig aktuelt for meg, er også spent på hvordan det blir å få henne på ryggen alene uten hjelp… Men jeg håper øvelse gjør mester, og finner du ut av det så kom gjerne tilbake med gode tips 🙂

    • Ingebjørg says:

      Ryggbæring er heilt topp, og det skal ikkje mykje trening til før du får skikkeleg dreis på det, eg lovar! Prøv gjerne den såkalla “pysemetoden” først, den er vist på video her: https://www.youtube.com/watch?v=J8M8YXAe5vE. Sit gjerne i ein stol/sofa eller i senga dei første gongene, om du kjenner deg tryggare då. Og øv gjerne framfor speilet.

      Eg likar som nemnd “supermannkast” best for å få babyen på rett plass på ryggen, eg kan prøve å lage ein video som viser korleis eg gjer det. 🙂

      • Markablogg says:

        Så bra å høre, satser på at jeg får dreis på det etterhvert. Takk for tips og link til video, det skal studeres. Og legg gjerne ut en video som viser hvordan du gjør supermannkastet 🙂

  4. outdoorbaby says:

    Hei Monica!
    Takk for kommentaren! Hadde det ikkje vore for at eg hadde arva ErgoBabyen, hadde eg sikkert ikkje kome på å kjøpe den eg heller- før eg fekk småen var eg faktisk inne på å kjøpe BabyBjörn (av alle ting), men eg er lukkeleg over å bli snakka ut av den blemma- no ser eg jo kor dårleg bornet heng på brystet, og den er visstnok ikkje noko særleg å bære med heller. Eg trur du har rett i at det vil etterkvart bli lettare å plassere småtassen på ryggen no når han blir større, og mi namnesyster Ingebjørg kommenterar over her noko ho har veldig rett i; nemnleg at eit større born er ganske tungt å bære med meis- eg har difor som mål denne månaden å lære meg nokre av dei triksa som Ingebjørg føreslår i Tettintil-forumet over. Skriv nokre ord om kva “knep” som vert din favoritt når du har fått dreisen på det, så skal eg gjere det samme!

    Lukka til 🙂

    Ingebjørg

    • Ingebjørg says:

      Kryssar fingrane for at både du og Monica får til ryggbæringa snart. Eg har tru på dokkke! Øving gjer meister!;)

      Ein annan ting: kva har du på føttene til babyen når du har han i Ergoen? Eg er på jakt etter det ultimate bærefottøyet, og har lagt ut spørsmål om det på bloggen min. Eg blir veldig glad dersom fleire har innspel!

      • outdoorbaby says:

        Takk for dèt! Har øvd litt i det siste, men føler meg langt frå “øva” enno 🙂

        Eg bruker Reflex sine “skoposer”, evt berre innhaldet (ein slags teddyfôra kjempesokk). Eg fann ikkje bilete av Reflex sine, men googler du stonz er dei nesten identiske. Småen vår går ikkje enno, så då slepp me å ha med ekstra fottøy. I tillegg har eg detta trekket som eg har over bæreselen, så då held han seg enno litt varmare 🙂

      • Markablogg says:

        Jeg har også slike skoposer, bare at mine er fra Reima. Under har hun ullstrømpe bukse og ullsokker. I tillegg har jeg fleecetrekk utenpå bæreselen som beina også er inni. Jeg har ikke opplevd at hun har blitt kald på føttene i vinter. Men så har det vært ganske mild vinter da…. 🙂

    • Markablogg says:

      Det skal jeg gjøre 🙂

  5. Gro Hovland says:

    Lykke til med “pysemetoden” og “supermannkastet”, det går lett som en lek når man bare får litt øving på det!

    Har du prøvd med “elefantluer” som disse ved bæring?
    http://www.vidunderbarn.no/productdetails.php?product=577
    Med en sånn lue i rett størrelse holder lua seg på plass selv om barnet snur og vrir litt på seg, – gi meg ett pip hvis du vil prøve en 🙂

    • outdoorbaby says:

      Hei på deg, Gro! Tusen takk, her treng me all den lukka me kan få- for mor er nok litt pysete av seg. Når eg får skikkeleg dreisen på dette skal eg legge ut ei lita skrytereportasje 😊 Elefantlua ser veldig smart ut, den har mykje betre hals enn dei “halse-huene” me allereie har. Eg har litt halvhjarta prøvd å trekke ein buff utanpå hua i håp om at den ikkje vrir seg då, men jammen meg sit han med den eine snora over nasen før eg får sukk for meg. Prøver meir enn gjerne ei, ja!

      • Gro Hovland says:

        Send meg en mail på info@vidunderbarn.no så tar vi det der 🙂

        Ta gjerne en titt på vadmelstøflene våre også, de er supre ved bæring og også når barna begynner å krype/gå selv i snøen. Vår Magnus brukte disse ute i barnehagen da han startet i gårdsbarnehage når han var 13-14 mnd gammel. Det var snø ute og han gikk med dem i snøen den første måneden. Deilig å slippe stive støvler når man er helt ny på dette med å gå!

        Her finner du dem:
        http://www.vidunderbarn.no/kategori.php?kategori=5

  6. Pingback: Fem ting eg ikkje ville vore villmarksbabytida forutan / Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without! | OutdoorBabyBlog

  7. Pingback: Problemløysing i praksis – ryggbæring // Practical solutions | OutdoorBabyBlog

  8. Ellen O.H says:

    Hei! Må bare si, 1000 1000 takk for dette innlegget!
    Sitter her og googler om bæremeis contra ergobaby, så kom jeg over din side.
    AKKURAT det jeg trengte å vite, og det jeg lurer på fikk jeg svar på av deg. wow!! Takk igjen!! 😀

    Nå må jeg bare sette meg inn i hvor mange typer ergobaby der finnes..?!

    God sommer!

  9. Agnethe K. Fredheim says:

    heisann 🙂
    Lurte bare på hvordan merke denne bæremeisen er? 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s