Fem ting eg ikkje ville vore villmarksbabytida forutan / Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without!

Ikkje ana eg kor mykje rare greier ein kan få av babyutstyr før småen var flytta inn. Det kjenst nesten som at det finst ein gadget for kvar utflukt eller utfordring. Men nokre av desse “gadgetsa” ville eg ikkje vore babytida for utan, og her skal eg gje ei liste over 6 smarte ting eg vil tilrå andre friluftselskande babyforeldre, samt kvifor.

1) ErgoBaby Bæresele
Av alle ting me har arva, er dette den gjenstanden me har brukt absolutt mest, og som me har satt mest pris på- utan tvil. Det noko heilt spesielt og veldig herleg ved å bære ein liten baby tett på brystet. Det finst nokre andre bæreselar på marknaden som er smidd over same lest, det viktigaste er at bornet ligg tett på kroppen, og at det ikkje “heng” i frå skuldrane til den som ber. I tillegg er det viktig at det kjenst godt for den som skal bære bornet ôg- at ikkje ein kvir seg for å gå på tur fordi ein ikkje får til bæreselen.

Ergobabyen kan i seg sjølv brukast frå babyen er 3 mnd gamal, før den tid kan ein bruke eit nyfødt-innlegg i selen, slik at den nyfødde ligg tett og godt. Me byrja å bruke ergobabyen ved 3 månaders alder, og den er fortsatt i bruk. Til skilnad til t.d. bæremeis, er det mykje lettare å kontrollere temperaturen på ein baby som ligg tett inntil kroppen, og har ein eit beskyttande trekk over, treng ein heller ikkje å kle så mykje på babyen heller på dei kaldaste årstidene.
www.tettinntil.no kan ein lese meir om å bære med sjal eller formsydd bæresele (som ErgoBaby er), samt finne masse tips om bruk.
Med ErgoBaby bæreselen har me det siste året kunne fortsetje å gjere det me elskar: nemleg å være ute. I nærast all slags vær, varierande høgdemeter og dekke har me fått mange turminne takka ErgoBabyen. Framleis ikkje overtydd? Les meir på www.ergobaby.com

Liten tass på høg fjelltopp i Ergobaby bæresele

Liten tass på høg fjelltopp i Ergobaby bæresele

2) Vindtrekk til bæresele
Det blir litt snakk om vind her, men når ein fyrst bur på ein stad det bles mykje, blir ein gjerne opptatt av slikt ôg. Me har eit fleece-fôra vindtrekk til bæreselen som me har hatt stor glede av. Når vêret er dårleg eller uforutsigbart, vel me heller å bruke bæresele med vindtrekket over, enn å bruke bæremeisen. I meisen vil babyen være meir eksponert for vêr og vind. I bæresele med vindtrekk over, vil tronarvingen kunne liggje lunt og godt- og du som forelder vil sleppe å bekymre deg over om det er for kaldt eller om det bles for mykje- du kan slappe av og nyte turen 🙂
Vårt vindtrekk har me arva, og kjem herifrå: www.mamdesign.net

Godt å ha ein lun plass når vinden vert for krass

Godt å ha ein lun plass når vinden vert for krass

3) Bæremeis som passer godt til heile husstanden
Frå tid til anna er det lettare å bruke meis enn bæresele (eg har skrive meir om det her), og då me skulle velgje meis, hadde me nokre kriterier:

1) Småen må sitje bra i meisen utan å verte “hengjande” når han sovnar
2) Me skal ha ein meis med grei oppbevaringsplass
3) Meisen må være god å bære for både mamma på 161 cm og pappa på 184 cm
4) Den bør ha moglegheiter for både sol- og regnskjerming

Me fann fort ut at fleire meisar oppfyller pkt 1) greitt, men i sær pkt 2) og 3) var verre å innfri. Me las oss gul og blå på testar på nettet, og fann ut at Osprey Poco Premiuml åg godt an i mange forum og testar. Me har ein dagstursekk frå Osprey frå tidlegare som i sær mor i huset er veldig begeistra for, så etter ein kjapp test i butikken (småen var med) var me ikkje i tvil: me har funne ein vinnar! Meisen er lett å justere i ryggen, så ein lett kan byte på å bære utan at den kjenst for liten for far, og for romsleg for mor. Selen som held småen på plass er god og polstra, og det er mogleg å justere høgda til småen- slik at han kan vekse i bæremeisen og framleis sitje fint. Ein god bøyle kan vippast ut slik at ein lett kan setje frå seg meisen på bakken. Med to handtak er det også lett å flytte på meisen, samt å svinge den opp på ryggen- trass i vekta. I tillegg har den heile TO store rom til å pakke ekstra skift, matpakker, thermos, Jervenduk, sitteunderlag, kamera og sjokolade i. Det eine rommet kan til og med fjernast og brukast som eigen dagstursekk.

Nyter Osprey Poco Premium -utsikt

Nyter Osprey Poco Premium -utsikt

4) Vindsekk: Jervenduk
Jervenduken er ikkje berre for folk med små born, men for alle som ferdast i villmarka. Jervenduken er ein vindtett duk med ein million ulike bruksområder. Kva om du er på tur og vert utsett for noko uforutsett? Av og til bles det “nordavind frå alle kanter”, og det let seg ikkje å finne ly nokon stad. Med ein jervenduk i sekken held ein både på varmen, og ein får ein vindfri stad å byte bleie, få i seg matpakka, amma, you name it. Og regner det litt under søndagsturen kan ein spenne opp duken som gapahuk. Mange gonger har eg vore takknemleg over å ha Jervenduken i sekken. For kva gjer ein når ein er ute med bæremeisen og vinden bles hardare enn ein hadde tenkt? Då pakker ein jervenduken rundt den vesle som sit i meisen. Les meir om Jervenduken på www.jerven.no. For ordensskuld må eg nemne at bikkja har ein eigen duk som heiter Jervehiet. Då småen var baby, var dette Jervehiet som skreddersydd til småen, og litt mindre og lettare å ha med seg på dei ikkje alt for lange turane på sommartid.

Bleieskift frå innsida av ein Jervenduk

Bleieskift frå innsida av ein Jervenduk

5) Ein god vogn/sovepose
Småen er fødd ein kald januardag, og har frå han var omlag ein månad gamal, sove best ute. I ly for vêr, vind og nabokatter har småen sove i vogna si i Voksiposen. Voksi har fleire typer vognposer, alle inneheld ull, men ein får også nokon med dun. Vår pose, Voksi City, har ein blanding av ull og dun. Den kjem også med “forlengar”, slik at ein kan bruke posen til bornet er opp mot 6 år. Vel verdt investeringa. For me har ikkje berre brukt den som vognpose. I sommar pakka me ein stappfull bil og drog på fjellet. Hytta vi budde i (fantastisk beliggenheit, kan leigast billig på http://www.inatur.no – anbefalast!) låg eit stykke frå vegen utan høve for oss å ta med oss korkje vogn eller reiseseng. Me batt saman to lenestoler og slang Voksi-posen oppi- og vips- me hadde ei perfekt seng (ville ikkje ha funka like bra no når småen er ultra-mobil). Sidan Voksi-City-posen inneheld mest dun, let den seg lett pakke, og den veg nærsagt ingenting.
Seinare same sommar vart den brukt som sovepose på den fyrste teltturen. Denne teltturen kan du lese meir om her.
Og sist- men ikkje minst: no på vinterstid er den også super å ha med seg i pulken!

Klar for fyrste overnatting på fjellhytte- i Voksipose!

Klar for fyrste overnatting på fjellhytte- i Voksipose!

God og varm i pulken med Voksiposen

God og varm i pulken med Voksiposen

Kva ting ville ikkje de vore forutan i babytida?

Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without!

When the little guy moved in, I had no idea how much stuff he would drag in as well. There is not a problem or a thing there is not a solution for- and some stuff has been more useful than others. Below you’ll find a list over the five greatest outdoorsy baby gadgets we have- and why we love it so much:

1) A baby carrier: the Ergo Baby Carrier
This is the one thing I really wouldn’t have been without. Thanks to the carrier, we have been able to reach places far off the road from others. This has been really important to us- when we expected a child, we decided to never stop being outdoors- despite having a not very mobile family member. We used a sling when the baby was newborn (read more about that here) but changed to the Ergo Baby Carrier when the baby was about 3 months old, and- a year after- we still use it, and expect to use it at least 3 more years.

The view is best from an Ergo baby carrier!

The view is best from an Ergo baby carrier!

2) Protective cover for the Ergo Baby Carrier
We live in a windy place, and even if it was calm and nice when we left the house, it probably won’t stay calm the rest of the trip. With a windproof cover, I’m never anxious about whether the baby is freezing, or if the wind bothers him. Our cover comes from www.mamdesign.net . It simply keeps the baby warm, and it let me concentrate on more important things; like a bird, a new path, and the dog, whatever. It makes me relax 🙂

A warm cover keeps me and the baby happy and dry

A warm cover keeps me and the baby happy and dry

3) A child carrier backpack
Every now and then, a really good child carrier backpack comes in handy. For those short everyday- trips, I prefer to use the Ergo Baby carrier, but if I plan to hike for longer distances or time alone with the baby, it is very useful to be able to bring food, diapers, and extra clothes. In  a child carrier backpack with some extra room, you could easily fit all that stuff.

A happy baby in the Osprey Carrier

A happy baby in the Osprey Carrier

We had a few criteria for the carrier:

a)      The carrier must be comfy for the little one, and if he falls asleep, he wouldn’t be “hanging” in carrier

b)      The carrier must have some extra room for food, clothes, etc

c)      The carrier must be comfortable to carry for both mom, 5ft,3ich, and dad, 6+ft.

d)      The carrier must have sun- and rain cover

After a little research, we ended up with the Osprey Poco Premium carrier, and we are very satisfied. The carrier is very easy to adjust (makes quick shifts between mom and dad possible), and the baby sits safe and comfortable in its seat. Read more about this carrier here !

4)      A wind- and weather proof  sack

This type of bag is not only for parents with small children, but for everyone that enjoys the outdoors. Ever experienced that the sun was shining when you left, but at some point, the dark clouds came out of no-where, dragging the cold wind along? If you’re close to home, there is really no problem, but if you are far out in the outback or in high altitudes, a sudden change of weather is not something to play with. With a wind- and weather proof sack you always have a shelter to crawl in to. When hiking with children, I always bring the wind sack along. Our wind sack comes from www.jerven.no (“the Wolverine”) Imagine how horrible it must be for the baby to be changed, exposed to rain and wind! It can also be used as a poncho, perfect for nursing!

A diaper change inside the Jerven bag (wind sack)

A diaper change inside the Jerven bag (wind sack)

Lunch in the Jerven bag

Lunch in the Jerven bag

5)      A warm sleeping bag

This might sound a bit strange, but in Scandinavia, it is perfectly normal to let babies sleep outside for their naps- all year around. For temperatures below -10 degrees C (14DG F) the government advises parents to let the babies sleep inside. We dress the babies up in wool and put them in wool- or dune bags, and leave them for a good nap during the day. Our little guy was borne a cold day in January, and when he was around 1.5 month, he started to sleep outside. We always use a sheep-skin in the bottom of the stroller, and have a wonderful dune bag on top of it. We chose to buy our sleeping bag from http://www.voksi.no, both because it is filled with wool in the bottom, and the rest is filled with high quality dune. It comes with an expander, which makes it possible for the baby to use up to 6years of age. We have also used the bag on camping trips and in the baby sled (the “pulk”).

Ready for a nap in the sledge (pulken) in the sleepingbag from Voksi

Ready for a nap in the sledge (pulken) in the sleepingbag from Voksi

What kind of stuff wouldn’t you have been your outdoor-family-life without?

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr and tagged , , , , , , , , , , , , , , . Bookmark the permalink.

10 Responses to Fem ting eg ikkje ville vore villmarksbabytida forutan / Five wonderful things I wouldn’t have been our outdoor baby-life without!

  1. Ingebjørg says:

    Her var det mange gode tips!! 🙂 Artig at eg kom over dette innlegget no, for eg held faktisk på med eit liknande innlegg sjølv. Eg er ganske einig med deg når det gjeld uunnværleg babyutstyr. Mi topp 5-liste inneheld bæretøy (formsydd, sjal og MT, eg greier ikkje velge), bæreomslag, hoftesekk, ullklede og broddar. Vi er forresten også svært nøgde med fjellduken, dei er heilt geniale. Vi har faktisk fire dukar (ungane har fått i dåpsgåver), men eg ynskjer meg litt ekstrautstyr. Det er veldig kjekt at ein kan lage gapahuk og telt og slikt av dei.

    • outdoorbaby says:

      Så morsomt! Broddar er eg heilt einig i, dei gløymte eg rett og slett å ta med på lista! Utan broddar hadde eg vel brukt halve fjorårsvinteren i stova. Absolutt eit must! Og ull hadde eg eigentleg også på lista som eit sjette punkt, men hadde vel ikkje meir å seie enn at ull er best- året rundt 🙂 Gler meg til å sjå di liste!
      Fjellduk til dåpsgåve var kjempelurt, det skal eg jammen notere meg bak øyra! Eg traff på ein har her hin dagen som hadde vore innom Jerven-utsalet i Odda og kjøpt fjellduk i metervis- han hadde fått sydd seg både det eine og det andre til seg sjølv og bikkja. Heller ingen dum idè for den som er litt kreativ og er bestevenn med symaskina 😉

      • Ingebjørg says:

        Fjellduk i metervare er eigentleg genialt. Eg er ingen kløppar på maskinsøm, men sydde faktisk ein Mei Tai av Jerven-stoff for nokre år sidan. Ei eg kjenner har sydd både vottar og fotposar av stoffet. 🙂

  2. Excellent post!!! I should put together our own list too 🙂 We have all these, except the protective cover for the carrier, lucky it’s not as windy here inland as it’s on the coast. And I’d add Fjellpulken too, looks like you got one also! Winters would be pretty boring without it, especially as we have excellent cross-country skiing tracks right next to us.

    • outdoorbaby says:

      Thank you! And yes, do that! I’m really jelous about all that snow and the tracks! we haven’t used our Fjellpulken that much this winter due to the mild winter. But I’m sure I would have added it as well if we had used it more. can’t wait to read your post! 🙂

  3. Ulrike says:

    Jeg ville bare si at jeg er kjempeglad for at jeg snublet over denne bloggen din 🙂 Jeg er selv en tur- og friluftsglad bergensjente med hund og en baby rett rundt hjørnet. Er veldig spent på hvordan friluftslivet blir med en mini og leser begeistret om dine tips og løsninger for hvordan hele den nye familien kan nyte naturen fra første stund. Takk for masse gode ideer!

    • outdoorbaby says:

      Hei Ulrike! Tusen hjartleg takk for ein slik kjekk kommentar! Slikt varmar! Godt å høyre det finst fleire av oss i byen! Det fyrste som slo oss då me byrja å “frilufte” oss etter at småen kom til verda, var at det tok sjokkerande lang tid å komme seg ut døra- det hadde eg berre ikkje venta! Men vi innsåg raskt at vi måtte ha låge ambisjoner og god tid. Bikkja vår har lært seg å vente på oss no, heldigvis 🙂
      Eg er heilt sikker på at de kjem til å få ei fantastisk tid framover, uansett om de “berre” kjem dykk til enden av grusvegen eller lenger! Del gjerne tankar, idear eller fikse løysingar om du skulle ha noko på lur! Eg ynskjer deg lukka til med alt som skal skje, og lukka til med dykkar nye friluftsliv!

      Beste helsing Ingebjørg

  4. Elise says:

    Hei! Gamal post dette, men eg lurer likevel – er det Jervenduken original, eller har du ein av dei vatterte variantane?

    • outdoorbaby says:

      Hei Elise! Vi har jervenduken original, absolutt standardutstyr i sekken nesten året rundt 😊 Då småen var liten tok eg ofte på kortare turar med bikkja sin “Jervehiet” som er av samme tjukne som jervenduken original, men den har ein vattert botn som er perfekt som stellematte. Diverre er det berre plass til 1stk småtass eller 1stk hund i denne, så no på vinterstid er det berre jervenduken original vi bruker 😊

  5. Elise says:

    Tusen takk for svar, dette var ein kjempefin og informativ blogg!! 🙂

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s