Hardangervidda med ein småtass- ei historie om korleis ting sjeldan blir heilt slik du hadde tenkt…

I fjor vinter kjente eg kor det kribla. Mange mørke kveldar hadde me besøk av Lars Monsen i stova. Villmarksbarna. BBC dokumentarar. Timar med film om aurefiske i krystallklåre vatn og ville elvar. Me var SÅ klare. Misforstå meg rett; eg elskar vinteren. Den klåre, deilige vinterlufta. Så definert at det skjer deg litt i halsen om du tek deg eit djupt drag. Men det var no- no  me endeleg skulle introdusere småen for det som verkeleg betyr noko: V I L L M A R K A. Me hadde allereie testa oss nokre netter i telt. Me hadde kartlagt våre veike sider me visste me måtte ta omsyn til, og me visste kvar me har mykje å gå på for at denne turen skal bli vellukka. Ei veke på Hardangervidda med kjærasten blir som ein spasertur. Då eg tidlegare har finpussa på mi eigen pakkeliste, har eg no måtte byrje å planlegge pakkeliste for ein fyr til. Og han er ikkje lite kravstor. Han søv midt på dagen, han treng dobbelt så mange klesskift som resten av turfølgjet, og han lar oss andre bære bagasjen hans for han.

Klar for ei veke på Hardangervidda?

Klar for ei veke på Hardangervidda?

Og så var det dette med bleier. Som eit-og-eit-halvt åring var han ikkje akkurat pottetrent, og sjølv om bleier ikkje er særleg tungt, tek det VELDIG stor plass- i sær når ein pakker for ei veke på loffen. Og det verste er at dei aukar i både tyngd og volum ettersom dagane går. Avgjerdsla om å prøve tøybleier var difor ikkje veldig vanskeleg å ta, det måtte berre litt intensiv youtube-kikking, og eit par mailar til Ingebjørg i www.utetid.net til før mestringskjensla kom. Eg fann også stor hjelp i gjesteinnlegget Elisabeth frå Utejenter har skrive i bloggen www.turbaby.com.

Bleievask i solnedgang

Bleievask i solnedgang

For å få med oss dette lasset med mat, klede og utstyr, lokka vi den noko uerfarne, men svært så læreviljuge Onkel S med oss på tur. Etter å ha blitt “friluftsfrelst” for eit par år sidan, har han hatt ei bratt læringskurve, og han har lært ein ting og to. Slik som at ein må sjå kva veg elva renn før ein planlegg å padle 20 km oppstrøms, eller at ein strengt tatt ikkje treng å ta med seg 5l vatn i sekken når ein skal på telttur til eit fiskevatn i Noreg.  Bikkja er det ingen hjelp å få av, ho vert deprimert berre vi tek på ho ein enkel trekksele, og eg hadde redusert bærekapasitet med bæremeisen. Onkel S bidrog med både humør og muskelkraft.

Gjengen er klar for avgang

Gjengen er klar for avgang

Destinasjonen me plukka ut var eit område me var kjent i; me tok utgangspunkt i Trondsbu (Tinnhølen) på Hardangervidda, derifrå kunne me rekke både DNT sine hytter innan ikkje alt for mange timars marsj (om ting skulle skjære seg fullstendig), og me kunne likevel gå vekk i frå dei store DNT-merka stiane som går mellom hyttene.

Det er mykje ein kan planleggje, men, som så mange gonger før, går ikkje alt alltid etter planen. Været er noko ein verkeleg ikkje kan gjere noko med. Og kven skulle vel tru at denne sommaren skulle bli tidenes beste sommar? Me var riktig optimistiske då me tok av ved Dyranut og køyrde inn mot Trondsbu. Temperaturen omlag 1100 m over havet var 22 grader pluss, og sola hadde skine nesten ein månad i strekk allereie. Ei kraftig ettermiddagsbyge kom rullande inn over vidda, og Onkel S kunne fortelje at han ikkje hadde teke noko regnklede med seg. Me venta til det verste var over før vi byrja fordelinga av felles utstyr til sekkane. Panikken tok oss nesten då vi ikkje fann bensinflaska til brennaren, og «alle» meinte at «nokon» måtte ha tatt den med heimafrå (for den stod vel ikkje att heime i gangen, gjorde den vel?).

Brenselsflaska dukka opp, og vi kunne leggje inn over vidda. Den knusktørre jorda supte til seg fuktigheita frå regnbyga best den kunne, og det lukta friskt av fjellet. Me hadde funne ein stad på kartet ved nokre vatn me ynskte å slå leir den fyrste natta. Frå parkeringa skulle det være rundt 4 km i luftlinje, og heilt overkommeleg for det vesle sigøynerfølgjet vi såg ut som.

Dei fyrste par kilometrane gjekk greitt, men så byrja det å bremse i bæremeisen. Småen ville gå sjølv. Og så ville han jo ikkje det. Men han ville ikkje i meisen. Han ville sitje i lyngen og lukte på blomar. Steinar måtte snus, ligg det noko spennande kryp under? Og sauebæsj! Lekre perler i klasar som låg både her og der.

Kvifor sitte i meis når ein har to perfekte bein å gå med og verdas beste venn å dele turen med?

Kvifor sitte i meis når ein har to perfekte bein å gå med og verdas beste venn å dele turen med?

Omsider kom me fram til vatna som planlagt, men trass i at dagen var på hell, var det varmt. Veldig varmt. 1300 m over havet. Og så- takka vera regnskuren byrja eit inferno av klekking. Mygg, klegg og fluger stima kring oss som.. ja nettopp-mygg. Og svoltne var dei.

Idyllisk, seier du? Førestill deg eit telt på kokepunktet og så mange mygg at trekk du pusten slepp du å tenke på middag

Idyllisk, seier du? Førestill deg eit telt på kokepunktet og så mange mygg at trekk du pusten slepp du å tenke på middag

Det finst ikkje mykje skygge høgsommarsdagen på Hardangervidda. Telta måtte difor setjast opp der det best let seg gjere. Ikkje eit vindpust å kjenne. Vatnet i bekken var lommevarmt. For mykje mygg og insekt til å opphalde seg ute i den fine sommarskvelden. For varmt til å opphalde seg inne i telta. Ein småtass som ikkje greier å sove i den stilleståande lufta. Sutring fordi han er trøytt, men greier ikkje å sovne. Ei bikkje som ligg med halve kroppen inne i teltet for å sleppe dei bitande småkrypa, og den andre halvdelen pesande på utsida. Kor lenge kunne vi halde ut under slike forhold? Værmeldinga var ikkje til å misforstå- slik kom det til å være så lenge langtidsvarselet på yr.no viste.

Varmt i teltet, mygg i den litt svalare sommarkvelden. Det er eit hundeliv.

Varmt i teltet, mygg i den litt svalare sommarkvelden. Det er eit hundeliv.

Klokka var vel knapt 6 då sola steikte så godt at teltet ikkje lenger var ein verande stad. Frukosten vart raskt fortært i rørsle for å ikkje overfôre myggen. Me avgjorde å la campen stå ei natt til for å vurdere om Hardangervidda i Sydenmodus var ein blivande stad å være. Me bestemte oss for å bruke dagen til å rusle til DNT-hytta Sandhaug, ei betjent hytte med alt ein vandrar måtte ynskje om lag 8 km frå campen. Fantastisk mat, trivelege hyttevertar, fiskerikt vatn og mange kjekke dyr for nysgjerrige born gjer at Sandhaug er ein stad me kjem til å kome tilbake til (nemnte eg den kalde fatøla?).

Småen var utilpass i meisen. Varmen gjorde alt klamt, men heldigvis var ikkje myggen særleg hissig på poden. Den likte best blod frå vaksne folk og frustrerte fuglebikkjer.

Som eit Soria-Moria i det fjerne ligg Sandhaug nede ved vatnet (eller meir som ein oase i ein ørken på ein slik dag)

Som eit Soria-Moria i det fjerne ligg Sandhaug nede ved vatnet (eller meir som ein oase i ein ørken på ein slik dag)

På veg tilbake til campen stoppa vi ved eit vatn for å bade av oss litt sveitte, sol og utallige mygglik som låg klistra på huda. Underleg var kjensla av å ikkje få det iskalde sjokket når ein hoppar uti eit fjellvatn. Det var nemleg godt lunka, og hadde ein svært behageleg badetemperatur.

Iskald dukkert i eit friakt fjellvatn? Ikkje mykje som gjev assosiasjonar til is og kulde her.

Iskald dukkert i eit friskt fjellvatn? Ikkje mykje som gjev assosiasjonar til is og kulde her.

Vel attende i campen tok me den noko tunge avgjerdsla eg heile dagen hadde nekta å godta. Hardangervidda utan skugge i 30 varmegrader er ingen stad for korkje småtroll eller lurvepelsar. Turen me hadde planlagt så godt ein heil vinter var over før me nesten var komen i gang. Etter nok ei heit, søvnlaus natt pakka vi campen og vendte våre solbrente snutar tilbake til frisk sjøluft og bris. Den Store Utflukta me skulle leve lenge på, var redusert til to fattige dagar i høgfjellet. Eg var vonbroten, men skjønar når nok er nok.

Det er ikkje lett for ein småtass å sove i eit alt for varmt telt. Då er pappas fang og myggnettet godt å ha.

Det er ikkje lett for ein småtass å sove i eit alt for varmt telt. Då er pappas fang og myggnettet godt å ha.

Det er ikkje mi eventyrlyst eller behov som kjem fyrst lenger. Eg kan sjå så mange inspirerande TV-seriar eller lese så mange bøker om villmarka eg berre greier. Det er småen som no kjem i fyrste rekke. Skal han lære å bli like glad i fjellet som eg, må me gje han gode opplevingar som gjev han lyst til å være ein del av desse turane. Då må det skje på hans premissar- ikkje mine.

Å byggje turgleda til eit born er som å byggje ein varde; med tolmod og stein-på-stein kan ein byggje ein bauta som står i all slags vær- resten av livet.

Å byggje turgleda til eit born er som å byggje ein varde; med tolmod og stein-på-stein kan ein byggje ein bauta som står i all slags vær- resten av livet.

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

11 Responses to Hardangervidda med ein småtass- ei historie om korleis ting sjeldan blir heilt slik du hadde tenkt…

  1. Rita Ripman says:

    Tusen takk for fantastisk lesning. Du skriver underholdende og lærerikt på perfekt nynorsk. Det er alltid like spennende å lese det du skriver. Om turen ikke ble som forventet, så gjør en seg hvertfall mange lærerike erfaringer. Historien var en perle. Takk for at du delte den med meg, Ingebjørg!

    • outdoorbaby says:

      Takk for fine ord, Rita! Og du har heilt rett, den var lærerik på fleire måtar. Det er ikkje fyrste gong været har vore ei utfordring, men det er fyrste gong det har vore FOR varmt til at det er greit å halde fram 😊

  2. Sissel says:

    Hehe herlig! Min favoritt fjellvettreglene er : Det er ingen skam å snu, ser ut til at dere har kommet til samme konklusjon 😂 Snart er det sommer igjen og myggen kan umulig bite like ille to år på rad 😝 kjente utrolig nok at jeg fikk veldig lyst på fjelltur etter denne lesningen så neste gang tror jeg vi må Være med også!

    • outdoorbaby says:

      Sant nok! Det irriterande er at hadde vi berre reist opp nokre dagar tidlegare, hadde vi slept unna mygginfernoet. Hytteverten på Sandhaug kunne fortelje at det var etter den omtalte regnbyga at det verkeleg tok av. Til sommaren blir det nok litt meir “lågterskelturar”, men vi burde jo fått til ei overnatting i Myrdal eller noko? Gutane er jo så store at dei kan bære sine eigne saker (to av dei iallfall 😊 ). Klem!

    • outdoorbaby says:

      Eg trudde forresten at din favoritt “fjellvettregel” var “sørg for at mor har stabilt blodsukker”? 😁 (det er nemlig min favoritt av dei uoffisielle reglane)

  3. Anne-Berit Sævareid says:

    Ja, dette er utrolig kjekk lesing og flotte bilder! Henger meg på alt det Rita skriver! Så fint å få ta del i turene deres på denne måten, takk skal du ha! ❤

  4. Ingebjørg says:

    Veldig fin turrapport!! Kjekt å lese innlegg frå deg igjen! Eg får også lyst til å reise på tur av å lese dette, paradoksalt nok. Bomturar er surt, men viktig lærdom. Vi hadde jo ein liknande tur i sommar, same stad, der vi gav opp etter eit døgn (http://utetid.net/2014/09/60-mygginvasjon-pa-hardangervidda/).

    Sandhaug hørtes ut som eit fint alternativ, men vi var for mange barn per vaksen til at vi turte å begi oss dit. Eg innser at basecamp i nærleiken av bil kanskje er meir realistist for oss å få til, men eg har ikkje gitt opp Hardangervidda-draumen.

  5. outdoorbaby says:

    Tusen takk, Ingebjørg! Det tok skrekkeleg lang tid å få dette innlegget festa på skjerm, litt fordi eg framleis nok er litt trist over å måtte gje opp før turen hadde starta. Om 20 år er myggen gløymt, og eg vil berre hugse den fantastiske sommaren 2014.

    Sandhaug er som du seier litt langt inne når ein skal dra med seg eit heilt lass med småtassar og pakkenellikar. Det er vel den hytta som ligg så nært midten av vidda som mogleg. Men om eg ikkje tek heilt feil, tilbyr dei faktisk traktortransport av bagasje eit par dagar i veka når dei likevel skal hente forsyningar og køyre ut boss. Det går sikkert an å kontakte dei for å høyre. Då vert det straks meir overkommeleg for ein bornefamilie å rekke inn dit. Dei hadde både grisar, høner, sauer og hestar, og dei borna vi prata med der (alle blir jo som ein stor familie som preikar med alle) stortrivst og fortalte om dei stooooore fiskane, og kor kjekt det var å få lov til å “passe dyra” (hente egg, gje dei mat mm.). Så ikkje gje opp en draumen heilt enno! Og om ein ikkje rekk til Sandhaug, er det jo drøssevis av andre fantastiske DNT-hytter å besøke 🙂

  6. Monika Thoresen says:

    Ramla nettopp over bloggen din, og den er alt jeg har lett etter 😉 Vi har en baby på 6 måneder, og jeg har begynt å filosofere over hvordan vi skal organisere vår første telttur. Etter å ha lest rundt omkring på bloggen her, har jeg fått svar på mange av mine spørsmål! Jeg lurer på en ting: Vi er veldig tilfreds med at Knøtten sover i egen seng på natta, og vil nødig tukle med det siden han er en urolig krabat å dele seng med.. Hvordan går overgangen fra å sove sammen med dere i telt flere dager i strekk – for så å komme hjem igjen til egen seng?

    • outdoorbaby says:

      Hei Monica! Takk for kjekk tilbakemelding! Vår småttis har aldri vore noko sovebaby, og han har sidan han var omlag 5 mnd sove i eiga seng. Med det betyr ikkje naudvendigvis at han “søv”; han byrja fyrst å sove godt heile natta no rett før han bikka 2år, så eg skjønar godt at de ikkje vil tukle med det 😊 småen har derimot alltid sove som ein stein i telt, og vi har aldri opplevd overgangen fleire netter i telt/ eiga seng som noko problem. Fortel gjerne om dykkar opplevingar når de har prøvd dykk! Friluftsliv med små born er ein einaste lang læringskurve, og vi lærer alltid noko nytt når vi er ute. Lukka til 😊

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s