Ein vellukka tur ut i vinterparadiset?

Du kan sikkert sjå det føre deg: snøen lavar ned, lyset er litt blått, alle lydar er dempa, og tankane dine tek ei snarleg reise bak i tid til då du sjølv var lita og verda var eit einaste digert kvitt ark å fargeleggje. Og brått får ein det travelt: vottar må finnast fram, snømenn skal byggjast, akebakkar skal erobrast og det viktigaste: barndomsminner skal lagast. For ein vil jo at borna skal ha gode minne frå ei postkortvakker vinterverd.

Vinterleg paradis- Snøen ligg der og nærast ropar om å bli brukt

Vinterleg paradis- Snøen ligg der og nærast ropar om å bli brukt

Så kokar ein kakao og finn fram akebrettet frå inst i boden. Poden blir noko motviljug dressa opp i passande tal lag-på-lag (avhengig av kor kaldt det er) før ein ganske småheit vaglar seg bort til akebakken. «No skal vi jammen meg ha det kjekt» er mantraet som går på repeat i mammahjernen.

"Haallooo! Ake?"

“Haallooo! Ake?”

Eit høgt «NEI» kjem overraskande etter andre aketur ned den korte bakken. «Skal vi ake meir?» «NEEEEEI» kjem det kontant frå småen. Litt skuffa over kor kort tid det tok før han vart lei dette vinterparadiset, spør eg han «skal vi lage snømann?» «Nei.» Eg lurer eit augeblikk på om nokon kan ha bytta baby med meg på fødestova- for kan han verkeleg være mitt avkom og ikkje være like begeistra for snøen som eg.

"Nei. Vil ikkje"

“Nei. Vil ikkje”

Eg hukar meg ned i snøen og byrja å klappe saman noko som med litt fantasi kan minne om ein snømann i håp om å fange podens merksemd. Responsen uteblir. Eg ser toåringen segne om i rein demonstrasjon i ei snøfonn ved sida av meg. Ein sytande lyd (av den typen som ligg i eit toneleie som kan kutte glas og vekke forfedre frå grava) kjem ut av det elles så søte snakketøyet hans. Han gir seg ikkje, til trass for at eg føreslår at snømannen kan være både bjørn eller pingvin.

Snømann? Snøbjørn? Snøpingvin? Neivel.

Snømann? Snøbjørn? Snøpingvin? Neivel.

Eg kikkar på klokka. Det er gått nøyaktig 15 minutt sidan vi kom ut av døra. Vi hadde det morosamt dei fyrste to. «Vil du ha kakao..?» prøvar eg meg. «JAAAAAA!!!!»

Viktige «fjellvettreglar» å hugse til neste gang:

  • Ha alltid med bestikkelsar
  • Det er aldri FOR tidleg å ta ei pause

    "JAAAA! KAKAOOO"

    “JAAAA! KAKAOOO”

Advertisements

About outdoorbaby

I'm a Norwegian girl in my early thirties blogging about our experience bringing a whole new dimension to our out-door life: a baby.
This entry was posted in Outdoorbaby's eventyr and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

8 Responses to Ein vellukka tur ut i vinterparadiset?

  1. Anne-Berit Sævareid says:

    Ha, ha, ha ja sånn kan det være! Her er det nok mange som kjenner seg igjen 🙂 Kjekk og koselig lesing! ❤

  2. Anne-Berit Sævareid says:

    ……og ikke minst, herlige bilder! ❤

  3. Katrine Bergthun says:

    Bevisar vel berre at ein ikkje treng planlegg dei lengste turane, alltid! 🙂 Herlige Bilder 🙂

    • outdoorbaby says:

      Haha, du har rett Katrine! No i helga brukte vi TIMAR på å komme oss ca 500m i luftlinje frå heimen, det måtte lokkast med både det eine og det andre for å få han på gli’! Godt ambisjonane våre var minimale 😂

  4. Anne-Berit Sævareid says:

    Det ligg nok i genene…. Besten er heller ikkje so glad i snø, mykje klær og store vottar 🙂 Og me likar begge kakao og gler oss til våren, poden og eg. Helsing Besten 😉

  5. Rita Ripman says:

    Ja, det er ikke alltid småtasser er med på notene. Men mye gøy lesning blir det! Nok en gang takk for hyggelig lesning. Hilsen Farmor

  6. inondal says:

    Så herleg å lese! Kjenner meg godt att her. Det er nok ikkje alltid så lett å vere liten og innpakka i det store, kvite, kalde. Men kakao og sjokolade hjelper. Alltid!

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s