Ein av dei dagane ein burde blitt verande i senga…

Ikkje alle turar er like idylliske, fredlege og går etter planen. Vår daglege tur i dag var ein slik tur. Eigentleg er eg i jobb no, men sidan min kjære er på reise, har eg vore heime i dag. Like før jul og greier, kjenst som ei gåve i seg sjølv. Eg har sjølvsagt ein heil haug på agendaen, og det byrja med at eg tenkte at eg berre skulle ta ein liten tur i skogen med småen og loppesirkuset. Småen hadde sove kortare enn vanleg i formiddagskvilen sin, og eg ville slå i hel litt tid før han skulle ha lunsj ein liten time etter.
I helga dala det ned enormt mykje snø, men i går steig temperaturen frå fem minus til 8 pluss, og i dag er den vakre, kvite verda forvandla til ein gigantisk slush- sump.

We've have had some beautiful weather lately, but now it has turned into mud, ice and swamps

Dette nydelege vintervèret har me hatt i helga.. No er det berre vatn og guffe att../ We’ve have had some beautiful weather lately, but now it has turned into mud, ice and swamps

Rett oppi her er det mange umerka stiar i skogen berre få veit om , og dei som kjenner til dei er oftast hundefolk. Så lenge kalenderen syner mellom 21.august og 31.mars, er det med andre ord lov å ha hund gåande laus. No for tida er det også eindel gode lukter av fugl i skogen (j.f. loppesirkuset). Derfor hender det frå tid til anna at Loppisen tek seg ein “bonusrunde”. EIn bonusrunde er ein “utilsikta avstikkar utan følgje”. Oftast varer ein slik bonusrunde mellom 10 og 15 min. Sidan det hender at ho finn fugl på slike runder, vert ho ståande i stand, stiv som ein pinne. Ho høyrar heller særleg godt etter når ho står slik på fugl, så no går bikkja med GPS slik at vi lettare kan jobbe med ho. Heldigvis gjorde ho det i dag ôg. Eg hadde knapt gitt ho “fri”-signalet før ho tok av stad, og eg tusla avgårde med småen i meisen. Eg stoppa og ordna litt på broddene, småprata litt med mini før eg gløtta på GPS’en. 458m unna? Allereie? Bikkja vår eg kjent for å være “snikende ullteppe”, ein hund som bruker lang tid på kvar einaste lukt som finst i skogen. 458m på nokre få minutt i krevjande skogsterreng kunne verkeleg ikkje være tilfelle. Eg fløyta ho inn, men såg berre korleis ho fortsatte i full fart i motsatt retning. Ho kunne umogleg høyre meg nærare 500 m lenger vekke i tjukk skog med ange små bekkefall. Likevel tenkte eg at det måtte jo være tilfelle, eit kart ljug sjeldan. Eg fekk ei kjensle at denne korte turen kom til å bli lang. Veldig lang.

"Wilma is 499 m away"... Needs no further comment (I was NOT happy at this moment..)

“Wilma er 499 m unna”…skiiiittpomfritt…/ “Wilma is 499 m away”… Needs no further comment (I was NOT happy at this moment..)

Som om ikkje det var nok: plutseleg ringte telefonen. Eg hadde heilt gløymt at eg skulle få ein pakke levert på døra nettopp denne dagen. Og bodbilen var berre få minutt unna. Skulle eg satse på å hente inn bikkja (som no var 660m unna meg), for så å få levert pakka? Eller skulle eg la hunden segle sin eigen skog, hente pakka, og satse på at ho var komen på betre tanker og ville snu?
Eg valte sistnemnte, pakka er nemleg eigentleg ikkje til meg, og eg kunne ikkje ta sjansen på at bodbilsjåføren ville vente uendeleg lenge. Eg bad han møte meg på ein parkeringsplass halvvegs mellom skogen og heime. Eg tok kortaste veg ut av skogen, mista ein av broddane mine i ei myr, og sklei på rompa ned ein gamal slalombakke. Han som sat på ryggen hylte av glede over sin fyrste rutsjetur.

Pakken som kom var ein god del større enn det eg hadde trudd, men den var veldig lett. Nytt dilemma: Bruke 5 min på å gå heim med pakken, gå sporenstreks ut igjen for å finne bikkja, eller berre ta pakken under armen å gå? Eg tok pakken under armen og la i veg- og omlag samstundes såg eg at loppesirkuset no var 873 m unna- og mellom oss var det ein høgdeforskjell på 40 meter. Sukk..

The Package with capital P. And our little man next to it. All though I was kinda cranky at this moment, my "co-driver" was in a very good mood!

Den irriterande pakken. Og småen. I skauen. I det minste hadde eg selskap av ein veldig blid type! / The Package with capital P. And our little man next to it. All though I was kinda cranky at this moment, my “co-driver” was in a very good mood!

Tida gjekk, og etter ein stund vart eg ganske sur på både bikkje og pakke. Det var tungt føre og glatt, det regna og eg hadde berre broddar på eit bein. Eg opna pakken og putta sakene i bæremeisen, og tok fatt på fløyta.

My parents new digital toys were the lucky items to join us in a little adventure today

Pappas nye telefon og mammas nettbrett har fått ein ufrivillig luftetur/ My parents new digital toys were the lucky items to join us in a little adventure today

I'm glad the baby carrier had room for some extra stuff

Godt bæremeisen har plass til litt uforutsette saker / I’m glad the baby carrier had room for some extra stuff

Terrenget vi no var komen i er ikkje særleg lett å kome seg fram i med meis, med mykje kratt, bratte skrenter, myrer og bekkar. Eg såg for meg korleis eg skulle nekte bikkja tilkomst til sofaen seinare. Korleis ho skulle- som straff- måtte finne seg i å liggje på rommet sitt. Men tida gjekk og stadig kom det meldingar på GPS’en “Wilma har tatt stand”, “Wilma har bytte i tre”. Det er altså meldingar som fortel noko om korleis bikkja står. Den registrerar om hunden som går med GPS sendar har hovudet opp eller ned. Eg fekk stadig melding om det siste- og eg såg ho lenge var nærsagt urørleg i eit område. Tidlegare har ho greidd å setje seg fast, og då fekk eg opp den meldinga. Ei klo la seg om hjarta- kunne ho ha satt seg fast igjen? Området ho sto i var bratt, og eg veit det har gått bikkjer seg fast i det området før- utan at enden var god.

Svarte tanker om sofanekt og “husarrest” forsvann, no ville eg berre ha den fine lurvepelsen vel heim. Etterkvart som eg nærma meg, må ho ha høyrt fløyta. For kvar 100m ho tilbakela var som ein liten siger, farten hennar var stigande. Og plutseleg- som ein oransje liten prosjektil kom ho susande ned skråningane. Eg gløtta på klokka. Ho hadde vore vekke i 1.5t då ho kom inn til oss. Heilt utilgjeveleg, sjølvsagt. Ho fekk ros for å komme, men eg greidde ikkje å la være å kalle ho dust i same slengen. Dust, med eit smil.

"I wasn't gone THAT long!"

Ein ikkje særleg angrande syndar har kome til rette/ “I wasn’t gone THAT long!”

Slitne, våte og svoltne vendte vi nasen heim att. Eg mista den siste brodden (argh!), men han som sat på ryggen skravla og tralla som om ingenting var skjedd. Og eg trur kanskje lurvepelsen skal få lov til å komme opp i sofaen i kveld likevel.

I should have stayed in bed- one of those days….

Not every everyday-adventure goes as planned. Our trip today was one of those. I took the day off from work and since christmas is just around the corner, I had a lot on the agenda. I was just going to take one of our quick favourite train in the forrest behind our house, and I expected not to be outside more than 40 minutes, top.

Lately, our dog has taken some “bonus trips”. She takes off and goes hunting for birds. When she finds birds, she freezes until she is told to raise the bird. Yes, she’s a fairly good hunting dog. The problem is that in the forrest, she is difficult to find among shrubs, trees and bushes. And when she’s pointing at a bird, the only word she reacts to is “JA!”. So- we use a GPS sender on her when she is in the forrest. I don’t bother to use it all the time, but I fortunatly brought it with us today.

She took off in a speed I rarely see her in, disappearing into the forrest. A little slow in my reaction, I followed with the baby in the Osprey carrier. I was just fixing the spikes on my boot, and when I glimpsed on the GPS 20 sec later she was 458 m away. In steep terrain. I had no chance to neither call her in or follow her, but we followed the best we could.

5 mins later, she was increasing her distance to us- 660 m away, my phone rang. I had forgotten that I promised to receive a package for my parents, and the TNT Express van was on its way. Fetch the dog first or fetch the package? I realized the dog wasn’t having a rest, so I decided to receive the package. I ran the fastest I could with the baby on my back (singing of joy- he found it very amousing), but got stuck in a marsh and lost one of my spikes. I had asked the driver to meet me at a parking lot 5 mins from our house, and now a new dilemma: take the package with me when continuing my search for the dog? Or walk 5 mins home, leave the package and go out again. In a moment of insanety, I went for the first alternative, and ended up walking like an idiot around in the forrest with a singing baby on my back, a package under my arm while I was whisteling the dog fluite and crying my dogs’ name.

I was thinking really dark thoughts of how I would ignore the dog the rest of the evening, how I would refuse to cuddle with her in the sofa. But after a while (and still about 700 m away), I started to feel anxious. I know there are steep cliffs in the terrain, and dogs has gone off them before. I could see that she was now moving in a smaller area, and she often stopped. What if she was harmed?

One hour later she finally heard the whistle- and returned in my direction. And just as fast as she had disappeared, she reappeared. Just like that. Happy as ever. The baby laughed when he saw the dog again. I smiled. And called her a jerk. Now she is lying next to me in the sofa. Sleeping like nothing happened today. And I lost the last spike as well.

Posted in Hundehjørnet, Outdoorbaby in english, Outdoorbaby's eventyr, Uncategorized | Tagged , , , , , , , , , | 2 Comments

Jegerbaby!

I vår vesle familie navigerar me etter to høgtider- og då snakker eg ikkje om jul eller 17.mai. For eit husstandmedlem byrjer påska i juli når elvefisket etter aure tek seg opp, og nyttårsafta kjem 10.september når småviltjakta opner. Som kjærast har eg i fleire år vore klar over desse høgtidene, og akseptert deira inntog i vår felles kalender. Sjølv har eg bursdag i midten av juli, og har opplevd at min utkåra vel å feire den i eit bittelite telt med andre hårete menn for å jakte på fisk. Etter at småen kom til verda har min kjære redusert denne aleinetida i villmarka, men det er uansett tid som er heilt naudsynt å bruke for å halde vettet og hovudet på plass. Eg hadde difor ingen grunn til å protestere då familiens jeger pakka sekken og tok med bikkja nesten 2000 km nord til eit paradis utan mobildekning. Tilfeldigvis skulle vår søte og morsomme baby forvandles til eit søvlaust lite monster med tenner i løpet av denne veka han var på tur. Tre tenner spratt ut på seks dager, og det kjentes ut som at tre timer var omlag alt eg sov samme periode.

Stor og liten jeger: den store jegeren får truleg selskap av ein liten ein resten av hausten

Stor og liten jeger: den store jegeren får truleg selskap av ein liten ein resten av hausten

Eg hadde difor to val då den euforiske jegeren og hans trufaste følgjesven kom tilbake til sivilisasjonen: eg kunne sei at han aldri, aldri, aldri fekk lov å korkje reise frå oss eller dra på jakt igjen (ein blir litt rar av å være aleine med ein skrikete baby ei heil veke), eller eg kunne insistere på å bli med neste gang. Eg er glad me gjekk for siste alternativ.

Heilt greit å halde oppsyn frå framsida ôg..

Heilt greit å halde oppsyn frå framsida ôg..

Eg har aldri vore noko særleg på den jeger eller jakt-greia, men sanninga er at det er ein strålande måte å gå på tur på. Når eg snakker om jakt her, meiner eg jakt på småvilt, aller helst rype eller skogsfugl. Ein går utanfor etablerte stier på hjortetråkk, og går ein utan hund, må alle sanser være påskrudd 110%. Ein lytter litt ekstra til lyder, ein prøver å lese terrenget, og ein veit aldri kva tid “riktig” fugl pluseleg vil reise seg frå lyngen. Med jakthund som selskap kan ein være så heldig at ein får oppleve å jobbe saman med sin beste venn. Det så sjå hunden utfalde seg i sitt rette element er ôg ei sterk oppleving for mange. Men å gå på jakt i vestlandsterreng er ei krevjande affære med bratte skråninger, uoversiktlege avsatsar og steinete fjelltoppar. Som nemnt ovanfor kjentes dette alternativet lettare enn å være nok ei helg åleine med småen og dei gryande tennene hans.

Jaktfamilien klar for fyrste økt: Peltorkids'a er på!

Jaktfamilien klar for fyrste økt: Peltorkids’a er på!

Vakkert vestlandsterreng i haustfargar. Utsikta er meir enn nok belønning  (men OK, så tar eg gjerne ein sjokolade bit ôg)

Vakkert vestlandsterreng i haustfargar. Utsikta er meir enn nok belønning (men OK, så tar eg gjerne ein sjokolade bit ôg)

Været i slutten av september kan som kjent være noko uforutsigbart. Me pakka sekkene for både regn og vind, og fekk i stor grad bruk for sistnemnte. I høgfjellet kan det være vanskeleg å finne ly for vinden, og då er Jervenduken god å ha. Då vi stoppa for å ete lunsj, var det på tide med eit bleieskift i same slengen. Men i sju grader og vind hadde det blitt ei sur oppleving for småen i bar rumpe. Temperaturen i Jervenduken stig raskt, så bleieskiftet vart unnagjort med latter frå hovudpersonen.

Lufttørking er vel og bra, men det er greit å sleppe å fryse rumpa av seg

Lufttørking er vel og bra, men det er greit å sleppe å fryse rumpa av seg

Den fyrste dagen på jakt hang småen på magen min som han har gjort sidan han vart fødd. Men no bikkar han straks ni månadar, og har nådd omlag 8 kg. Det kjente eg på ryggen då ferda gjekk ned frå fjellet. Det vart ein smertefull retur, men sidan mini sov og eg hadde sekk på ryggen, let det seg ikkje så lett å flytte han bak. Dag to pakka me alt i ein sekk, og lot mini sitje “bak”. Eg føler eg ikkje har like god oversikt, men med tida kjem det nok. Eg synes også det er litt vanskeleg å manøvrere hørselsvernet når han heng der bak. Heldigvis kan jakt med hund faktisk gje oss litt tid på å anten gå unna eller få på hørselsvernet- i motsetning til om ein går på støkkjakt uten hund. Det vart losna skot, men småen let seg ikkje påverke nemneverdig.

Mini sitter bak heile dag to, og ser ut til å trivast ganske bra.

Mini sitter bak heile dag to, og ser ut til å trivast ganske bra.

Kosestund i lyngen etter at nista er fortært. Den store lærar den lille om trygge soppartar

Kosestund i lyngen etter at nista er fortært. Den store lærar den lille om trygge soppartar

Bråkebabyens fyrste jakt gjekk heilt smertefritt, og var nærsagt vellukka. Men likevel lærte me noko til neste tur:

 

1) Sjekk alltid at det er gass på gassbeholder (evt ta med ein ekstra) før ein dreg heimefrå (unaudig å seie at me tok med oss ein tom behalder på tur fyrste dagen, godt me hadde smurt niste i tillegg..)

2) alt som kan mistast frå ergobabyen bør tjorast fast: smokker og votter i sær

3) ta ein pause og et litt mat før ein pakker heile familien inn i bilen for å dra tilbake til sivilisasjonen: grining i bilen er slitsomt for store og små.

Til slutt vil eg seie at ingen dyr eller fuglar vart skada i helgas jakt (over hovudet ikkje den brilliante bikkja si skuld, her må ein skulde på jegeren)- men bonusen var å finne mykje kantarell vi tok med heim til middag.

Lukkeleg hund koser seg i pausen før neste økt

Lukkeleg hund koser seg i pausen før neste økt

Posted in Hundehjørnet, Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , , | 7 Comments

Eit passande antrekk- om å kle ein småtass som skal sitje i bæresele

Eg skal innrømme at det å kle seg er blitt ei «greie» for meg, men eg trur at feil påkledning eller kanskje mangel på kunnskap om korleis ein kler seg gjer at mange kvir seg for å gå ut om det er litt «vèr», uansett årstid.  I grunn er ikkje påkledning så vanskeleg. Ingen likar å være våte. Ingen likar å fryse. Ingen likar å koke over, og ingen liker at vinden skjer gjennom kleda som ein kniv. Det som opplevast som riktig påkledning for èin, kan være i overkant mykje for ein annan. Eit godt døme er min eldste nevø. Guten er av den varmblodige typen, og har blitt grinete av tjukke ullklede heile livet. Han er av ein slik type at eit lag med ullundertøy (eller aller helst berre superundertøy) under ytterkleda er akkurat passe i 10 minus.

Klar for haust! Ute er det ti grader,  vind og litt regn i lufta, men under eit vindtett fleecctrekk skal dette bli ein fin-fin tur!

Klar for haust! Ute er det ti grader, vind og litt regn i lufta, men under eit vindtett fleecctrekk skal dette bli ein fin-fin tur!

Som skriven i tidlegare blogginnlegg, har eg teke med meg småen ut på tur sidan han var knappe to veker gamal. Det fine med å bruke ein bæresele der babyen ligg tett inntil kroppen, er at det er mykje lettare å kle småen.  Så lenge det er mogleg å bære babyen under jakka, vil babyen ha det godt og lunt. Men det er ein ting og to ein bør tenkje på.  Sjølv sveittar eg litt når eg går i fjellet, og gjerne litt ekstra når eg har x kg tilleggsvekt i bæreselen. Difor kler eg småen berre i ull når han ligg inntil kroppen min. Ull har ein heil drøss med supre eigenskaper, og for å nemne nokon: som alle veit er ull godt og varmt på kalde dagar, men det kjenst også svalande på varme dagar. Og det beste er at når ull vert våt blir den ikkje kald slik som til dømes bomull vert.

Image

Ein slik dag som er typisk vanskeleg for store og små i klesvegen: Det er september, sola skin mellom regnbygene, men når sola tek seg ein pause vert det fort kjølig. Småen har difor fått på seg ei ekstra ullselebukse over stillongsen.

I dag finst det mange produsentar av ullklede til babyar og småborn. Dei er stort sett produsert i merinoull og klør ikkje. Eg har fleire favorittar, men hugs for all del å unngå merinoull der dyra vert utsett for mulesing. Eg kjem ikkje til å gå nærare inn på fenomenet mulesing her, det finst nok av artiklar om dette på nett. Gjer eit kjapt søk, og eg kan garantere deg at du har kjøpt ditt siste mulesing produserte merinoull-plagg. Ei liste over dei produsentane som ikkje bruker merinoull frå produksjon med mulesing  er å finne her.

Kalenderen seier august, men på Ulriken er det likevel litt kjølig. Godt å kunne låne jervenduken til loppesirkuset slik at ein held på varmen

Kalenderen seier august, men på Ulriken er det likevel litt kjølig. Godt å kunne låne jervenduken til loppesirkuset slik at ein held på varmen

Når me går på tur med bæresele har småen oftast på seg eit eller to tynne lag med ull. Gjerne body/stilongs el strømpebukse innerst, og ein sparkedress over. Ytterst bruker eg eit  vindtett fleecefôra trekk over bæreselen dersom det er behov for det.

Ein vindfull dag på høgfjellet. Då er det godt å liggje trygt inne i ein vindtett og fleecefôra pose!

Ein vindfull dag på høgfjellet. Då er det godt å liggje trygt inne i ein vindtett og fleecefôra pose!

Eg trur eg med handa på hjarta kan seie at me har vore på tur i all slags vèr, og berre ein gong har me snudd då me skjøna at vèret ikkje lot seg kle ute. Då halve sør Noreg bada i sol og 30 grader i sommar hadde me leigt ei hytte gjennom Bergen Jeger og Fiskeforening ved Hallingskarvet. Draumen om lange turar i høgfjellet var absolutt tilstades. Diverre greidde ikkje draumesommaren å strekke seg heilt til hyttedøra vår, og av alle ting vart me faktisk vèrfast. I midten av juli. På sosiale medier kom det stadig nye oppdateringar med kvitvin, utepils og grilling. Me fyrte i peisen og spela yatzi medan vinden ulte i stiv kuling på utsida. Den eine turen me prøvde å ta varte i omlag 50 meter. Då gav både hund og baby klår tilbakemelding om at hyttelivet var å føretekke.

I sommar hadde me nokre verkeleg flotte dagar opp mot 30 grader i Bergen. Ein av desse dagane gjekk me over Vidden frå Fløyen til Ulriken. Som alltid fekk småen på seg ein ullbody, men me droppa etter kvart stillongsen. Vi la over ein tynn bomullssarong for å beskytte småen for den sterke sola

I sommar hadde me nokre verkeleg flotte dagar opp mot 30 grader i Bergen. Ein av desse dagane gjekk me over Vidden frå Fløyen til Ulriken. Som alltid fekk småen på seg ein ullbody, men me droppa etter kvart stillongsen. Vi la over ein tynn bomullssarong for å beskytte småen for den sterke sola

Eit kjapt byte i det fri’. Me har alltid med oss byteklede på tur. På denne turen sveitta eg så godt at småen var gjennomvåt då me stoppa for pause. HJan ville nok blitt kald om han ikkje fekk på seg tørre klede

Eit kjapt byte i det fri’. Me har alltid med oss byteklede på tur. På denne turen sveitta eg så godt at småen var gjennomvåt då me stoppa for pause

Ein regnfull ettermiddag i Bergen, men i skogen er det fint å gå

Ein regnfull ettermiddag i Bergen, men i skogen er det fint å gå

Posted in Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , | 2 Comments

Ein noko annleis telttur

Småens fyrste sommar var vèrmessig sett betre enn på fleire år, likevel fekk me ikkje brukt teltet før me kom ut i august. Kjærasten min hadde fått lov til å ta seg ei «frihelg» på fisketur i Troms med ein kompis. Sjølv var eg litt usikker på kva eg skulle finne på (å være heime åleine med ein 7 mnd gamal baby og ein rastlaus hund kan by på utfordringar), så då eg fekk høvet til å være med på telttur med eit anna vennepar med ein gut på 15 mnd, var eg ikkje vond å be.

Image

Å vera heime åleine med desse to luringane ei heil helg er altså ikkje eit alternativ. Oftast strekar dei til kvar sin retning, og når den eine har slokna, kan ein være heilt sikker på at den andre vil ha kos.

Destinasjonen fall på Ormhilleren, eit friluftsområde på Sotra med fine bade- og fiskeplasser, moglegheiter for buldring, og kanskje viktigast når me gjer noko slikt for fyrste gong: det var ganske lett å kome til (det går grusveg frå parkeringsplass ned til området).

I pre-baby tida kunne me vakne til sol og fint vèr på laurdagsmorgon, hive oss rundt, og være klare for fjellturar med overnatting på ein halv time. Berre så det er sagt: den tida er definitivt forbi. Ikkje berre skulle eg pakke mine eigne saker med telt, mat, klede og kokeutstyr, men også bikkja og Mini måtte jo ha «litt» assistanse til dette. Typisk nok var dette morgonen Mini var så grinete han knapt nok hadde vore før. Det einaste han ville, var å sitje på armen medan eg pakka. Sat eg han ned, starta sirena. 3 timar seinare var me ute av døra. Note to self: pakk når poden søv.

Dagen var svært vellukka, me grilla, ein pappa fridykka og fann både fisk og kamskjel, bikkja fekk selskap av ein anna hund, og borna utforska både gras og sand. Når me er fleire på tur i lag er det stas å bu i lavo, men denne gangen fall me ned på å setje opp to telt med litt avstand til kvarandre. Grunnen til dette er at begge borna kan vakne i løpet av kvelden og natta, og me håpte å unngå at dei kom til å vekke kvarandre.

Image

Det krevst eit par ekstra hender å mate ein mobil baby i friluft- i sær om verda rundt er så alt for spennande!

Alt låg til rette for at det skulle bli ei fantastisk oppleving. Då sola var på hell, dukka det opp ei utfordring me ikkje hadde teke godt nok høgde for: Knotten. Den helvetes, irriterande, bitande, altoppslukande knotten. Den finn vegen inn i alle tenkjelege kroppsopningar, mikroskopiske sprekker mellom kleda, og i auge. Før Mini vart lagt i teltet, var han smurt inn i lavendelolje. Ein skal ikkje bruke insektmiddel på små babyar, men eg las ein stad på nett av lavendelolje kunne gjere susen. Han vart godt smurt inn i ansikt og på kleda, og eg var nøye med å alltid lukke nettingen i teltet. Heldiggrisen slapp unna med berre eit stikk (eller bitt) frå djevelskapet. Utover kvelden vart situasjonen så ille for oss utanfor telta, at me ikkje ein gong brydde oss med å lage middag. Det vart ein tidleg kveld (då hadde bikkja for lengst rømt inn i forteltet for å gøyme seg for knotten).

Image

Til og med ikkje eit godt, gamaldags brakjebål holdt knotten på avstand..

Teltet vårt, eit Macpac Olympus, er eit av dei beste kjøpa me har gjort. Me kjøpte det på New Zealand for nokre år sidan, og eg vert glad kvar gong me slår det opp. For ikkje berre er det svært lett å bære (3.1 kg), det er idiotenkelt å setje det opp. Så lett at eg fint greier det sjølv på 10 minutt til tross for at poden kryper rundt, og at bikkja helst vil ha kos. På denne turen fekk eg ei ny god aha-oppleving som eg ikkje har tenkt over tidlegare. Myggnettingen på dette teltet består nemleg av to lag: eit vanleg myggnett-lag, og eit lag som er endå tettare. Det gjer at knotten (som er så liten at den lett kjem gjennom den vanlege myggnettingen) vert stoppa ved døra, og ventilasjonen er framleis god. Herleg! Herleg var det diverre ikkje for mine venner i naboteltet. Myggnettingen på deira telt stoppa ikkje fandenskapet, og ved midnatt var dei nøydt til å bryte opp leiren og reise heim. Situasjonen var rett og slett ikkje haldbar for eittåringen og foreldra hans. Dei var som servert på sølvfat til dei griske, flygande djevlane. Eg vurderte eit augeblikk å slå følgje, men poden sov så tungt han ikkje har gjort på lenge. I tillegg var teltet vårt framleis knottfritt, så me vart verande.

Image

Macpac’en ferdig oppslått, klar for innflytting

Mamma’n i naboteltet kom i går med følgjande lærdom etter turen:

« 1) fyrste gong ein teltar med baby bør det være på ein stad ein slepp å puste knott.

2) Bruk telt med knottnetting, myggnett er berre tull.

3) Telt ein stad med moglegheiter for retrett ».

Eg signerar gjerne denne lærdommen!

Image

Friluftsmødrene har søkt tilflukt i myggnett. Straks etter dette bilete var teke fann me ut at maskene i nettet var for store, og knotten hadde fri veg inn til kveldsmaten sin.

Dagen etter var småen i perlehumør. Det regna litt, og knotten var framleis svolten. Eg greidde å pakke all «nellikane» våre inne i teltet- då eg gjekk ut, var det berre sjølve teltet som stod att. Eg hadde heldigvis teke vogna til Mini med, den hadde stått med regntrekk heile natta, og var god og tørr. Eg sat poden raskt i vogna under regntrekket, og håpa på at knotten ikkje ville finne ut at det var mogleg å fly under trekket og opp til festmåltidet. Sjølv såg eg ut som eit stykke bobleplast i to dagar etter dei 10 minutta i friluft eg brukte på å pakke ned teltet.

Image

Ein baby i perlehumør gjorde nedpakkinga til ein leik, og den var unnagjort på 10 minutt

Det verkar som at Mini trivst godt i telt, og me kjem nok til å sove ute igjen snart. Men det må bli på ein stad utan knott. Og eg skal pakke medan småen søv.  Og dersom pappaen er skikkeleg grei, skal han få invitasjon til å bli med han ôg.

Posted in Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , | 1 Comment

Eit hundeliv…

Her kjem eit lite innlegg om korleis me løyste den potensielle «sjalusikrisa» som kunne oppstå mellom hund og baby då familien skulle få eit nytt tobeint medlem.

Image

Lurvepelsen vår trengte litt ekstra merksemd då vår lille krabat kom til verda- men er i ferd med å bli verdas beste firbeinte storesøster. Her i frå ho var ganske “fersk” sjølv

Då småen kom til verda som vår fyrstefødde, var han på ingen måte eineborn. Frå før hadde me nemleg ein brælete pelskledd baby med hale og snute. Ho hadde i sitt to år lange liv levd i trua om at ho var vårt univers sentrum, og at slik ville det alltid være. Diverre har det ikkje vore heilt lett å førebu den pelskledde på den totale endringa som kjem når eit lite born kjem til verda. Ein komande storebror eller storesyster kan ein alltids forklare at ut av mammas mage kjem ein liten baby. Men for Fido eller Passop vert nok sjokket stort når nurket kjem heim frå klinikken.

Image

.. eller kanskje allereie klar over at det låg ein liten “bror” der inne? Ein god mage kan brukast til så mykje..

På førehand hadde me høyrt om bikkjer som rett og slett vart fornærma, deprimerte eller ekstremt sjalu på den nykomne. Sidan vår firbeinte er eit fullverdig familiemedlem, var det viktig for oss å gjere det me kunne for å gjere overgangen mindre sjokkarta.

Eg har ein kollega som sendte hunden sin bort på «ferie» eit par veker då dei fekk sin fyrstefødde. Resultatet vart at den godt vaksne tispa deira vart veldig usikker og sjalu då den kom tilbake frå «ferie»- for i mellomtida hadde det kome ein ny hovudperson som allereie var svært varm i trøya.

Litt etter litt kom møblar på plass i heimen vår, barnerommet vart gjort klart (sjølv om småen ikkje brukte det før han var vel 6 mnd) og vogga fekk ein fast plass i stova. På førehand hadde me bestemt oss for at ho skulle få lov til å være heime då småen skulle komme, og me allierte oss med gode venner som kunne lufte ho den tida både eg og kjærasten var på sjukehuset.

Image

Er denne til meg? Lurvelevenet tester krybba

Heldigvis hadde småen dårleg tid på veg ut, så me slapp å bruke lenger tid enn høgst naudsynt på sjukehuset. Me fekk ikkje familierom, og be bur relativt nærme sjukehuset, så kjærasten min reiste fram og tilbake fleire gonger for dagen den tida me var der. Kvar gong han reiste heim, tok han med seg små vaskekluter og andre ting som hadde vore i nær kontakt med babyen. Desse la han i kurven til loppesirkuset slik at ho kunne gjere seg kjent med lukta av den vesle. Og då tida endeleg var komen for å reise heim heile familien, tok den nybakte pappaen med seg loppesirkuset i bilen. Gjennom buret i bilen fekk ho lukte på babyen for fyrste gong.

Image

Bikkja lurer på kva i all verda katten har dratt i hus denne gang

Vel heime var det viktig for oss å dele ut kos til både to- og firbeint. Vi brukte mykje tid på golvet alle fire og lot bikkja snuse på babyen, gjere seg kjent med luktene saman med oss.

Image

Vennskapsbånd blir knytta

Ei ny utfordring som dukka opp var at hunden i sin enkle hundehjerne no tenkte at ho var over den hjelpeslause babyen på rangstigen. I det høvet vart det berre ikkje hunden som måtte dresserast. No er det ikkje til å stikke under ein stol at med ein ny baby i huset vert det naturleg nok ein del besøk av familie og venner. Tilfeldigvis er også desse menneska som kom på besøk alle «favorittmenneska» til bikkja vår. Kvar gong me fekk besøk, gjentok ein rituell «krigsdans» seg: bikkja spratt opp frå kurven sin, suste mot døra og tok i mot gjestene våre med piping, boffing og hopping. For å få slutt på dette ritualet, måtte alle våre gjester skolerast: alle må helse og klemme på mamma, pappa og baby før voffsen fekk sin merksemd. Slik vart loppesirkuset minna på sin plass i flokken- nemleg nedst, under babyen.

For ordensskuld vil eg også understreke følgjande: sjølv om me har “verdas snillaste hund” snur eg aldri, aldri ryggen til dei to krabatane. Hund er hund, baby er baby. Sjølv om dei ligg fint saman og alt er idyll, vil ein aldri kunne vite kva som kan skje. All “kosetid” dei har saman er alltid saman med mor eller far.

Image

Kven som les bok for den andre er litt uvisst….

Image

Playtime!

No er småen straks 8 mnd gamal, og bikkja har fullt ut akseptert det nye tilskotet i familien. Ho står fritt til å gå på rommet sitt om ho føler ho treng ro og fred, men ofte held ho seg rundt småen. Dei ser ut til å ha fått god kontakt og kommuniserar på baby/hundevis. Med tida kjem dei til å få stor glede av kvarandre. Og når kvelden kjem og småen har lagt seg, kjem lurvepelsen krypande opp i sofaen, klar for «aleinetid» med matmor og matfar…

Image

Å ha baby i hus kan være slitsomt til tider. Då er det godt å ta ein lur på sofaen saman med matmor og matfar

 

A dog’s life

When our firstborn arrived just after New Year’s Eve almost ten months ago, he already had an older sister. She’s a pure breed and dedicated hunting dog, and she has always been a daddy’s girl. She’s the kind that finds her way to your lap, no matter if you like it or not. She was exactly two years old when hers and our life changed forever. We had known for almost nine months that our pack would be expanded with an extra member. But how could we explain it to the four-legged-center-of-the-universe?

Our beautiful and kind dog- how to explain for her the fact that she is not longer the center of the Universe?
Our beautiful and kind dog- how to explain for her the fact that she is not longer the center of the Universe?

I have a colleague, she’s a vet, and when she brought home their first-borne from the clinic, they made a mistake. She had sent her adult bitch away on “holiday” when she was expecting. And when the bitch returned from the “holiday” a week or two later, there was a new pack-member, fully included and integrated, noisy and attention-craving, in her position. She became not only jealous, but also nervous due to the new and naked intruder. It took a while before she accepted the new family member.

"I want to smell your hand, you noisy, strange creature!"
“I want to smell your hand, you strange, noisy creature!”

So, after reading and talking to other friends and colleagues about this, we did our best to prepare our hairball to the great happening.  We live quite close to the hospital, so we didn’t have the need to send the dog away when our baby boy arrived. The dad could easily jungle between me and the newborn baby during visit hours and the dog at home. Every time he visited us at the hospital, he took something back for the dog to sniff on: a washing cloth, a diaper, clothes the baby had worn, etc. All this so the dog would be familiar with the smell of the baby when it first arrived in the house.   And at the day of the “homecoming”, my boyfriend brought the dog with him in the car so that it could sniff at the baby through the dog car cage.

"Here, smell this!" Good friends share stuff
“Here, smell this!” Good friends share stuff

To this day, we haven’t had any problems with the two rascals. They tend to enjoy each other’s company, and they keep each other busy. But a dog is a dog and a baby is a baby, so we never let them out of our sight, and when they are playing together, we (the adults) play too.  And if the dog feels like being alone, she has her own place in a quiet room where she can sleep and rest undisturbed.

Posted in Hundehjørnet, Outdoorbaby in english | Tagged , , , , , , , | 1 Comment

Den fyrste vinteren

Det er ingen sjølvfølgje at ein kan nytte seg av naturen eller drive utandørsaktivitetar med det fyrste når ein får born tidleg i januar. På vår kant av landet kan vinteren være alt frå 10 grader pluss og regn veker i strekk, nordavind frå «alle kantar» eller ti minus og strålande sol. Utruleg nok vart nettopp denne vinteren av det sistnemnte slaget. Dag etter dag stråla sola med sine veike, men svært velkomne stråler. På bakken låg det eit fint lag med snø oppå is. Og vinden var (slik eg hugsar det no) nærast fråverande. Med eit slikt utgangspunkt kunne me ikkje halde oss inne. Men korleis skal ein komme seg ut med bitte små babyar utan at dei frys, og utan at ein tek unødige sjansar?

Image

Så lenge småen fekk plass under jakka var det hans faste plass. Diverre veks dei så alt for fort…

Heldige meg, eg har ei fantastisk storesyster med tre herlege, ville gutar. Dei er ute i skogen eller på fjellet så ofte dei kan. Av desse tre tøffingane arva småen lassevis med ullklede og utstyr. Og eg kunne hauste av hennar erfaringar med smårollingar ute. Heilt i byrjinga fekk eg låne meg eit bæresjal av typen Close Caboo, der den vesle guten min kunne liggje tett, tett til kroppen min på tur. Han fekk alltid på seg eit par lag med ull, gode tjukke labber, votter og hue. Og eg lånte fortsatt jakka til kjærasten min. Mini er ikkje så god på å sove, men akkurat når det kjem til å liggje i bæresele eller sjal, kan ein være heilt trygg på at han søv. Kanskje ikkje rart eg brukte opp fleire par med broddar, me var ute og naut det nydelege været i eit par timar nesten kvar dag. Ettersom isen låg tjukk på bakkar og vegar frå januar til langt ute i mars, brukte eg vogna hans nesten berre til å sove ute i (han er ein ekte utebaby, inne søv han korkje tungt eller særleg lenge, ute søv han i timesvis). Ein gong tenkte eg at eg måtte prøve noko nytt, og tok med vogna til ein av dei fine gruslagte turvegane i området. Det skulle eg ikkje gjort, for me haldt på å hamne i grøfta. Eg burde montert piggdekk på vogna. Eller berre teke småen i bæresjalet.

Image

Ingenting er som lunsj i det fri- og denne lunsjen sov mini seg gjennom- i bæresjalet

Bikkja var over seg av glede. Frå å være heime åleine på dagtid (noko ho i grunn valde på eit tidspunkt sjølv, ho gjekk på rommet sitt og la seg, til tross for at ho kvar dag fekk valet mellom å bli med oss på jobb eller bli heime) til plutseleg å få full oppvarting heile dagen, tok ho i frå å være ein svært glad hund til å bli ein ekstatisk og veldig sprek hund.

Image

Lukkeleg hund veit å nyte dei få timane med sol som vinteren kan gje

Rundt påsketider arva eg syster mi sin Ergobaby bæresele. Hennar minste gut er nesten på dagen to år eldre enn småen, og ho kjente på at ho ikkje lenger kom til å bruke denne bæreselen lenger. For ei fantastisk gåve! Om lag på denne tida syntes eg sjølv at småen var byrja å bli tung for sjalet, men her kom redninga. Ergobaby’ens bæresystem er ikkje heilt ulikt ein fjellsekk, og vekta til barnet ligg ikkje og pressar på skuldrene eller nakken slik det gjerne kan gjere med andre bæresystem. I tillegg ligg barnet i «froskestilling», klemt inntil kroppen til den som bær barnet.

Image

Heilt openbart ikkje teken på vinterstid, men visar greitt korleis småen ligg klistra til kroppen min.. og kor godt han søv…

Ein kan kjøpe allslags tillegg til ergobabyen, men sidan eg i byrjinga brukte eit bæresjal, fekk eg ikkje prøvd ut «newborn-innlegget» deira. Eg arva (også frå mi snille storesyster) eit overtrekk frå Mamdesign.net som både er vindtett og fleecefôra. Det sikra ein varm og lun oppleving for mini då han etter kvart vart for stor til å presse innunder jakka til kjærasten min, og eg kjente meg trygg og kunne kose meg på tur, sidan eg visste at han ikkje kom til å fryse eller bli kald av vinden.

Image

Då småen vart for stor til å liggje under jakka, var det godt å ha eit lunt “forkle” å leggje over- slik at vi kunne fortsetje å kose oss på tur i det fine været

 

 

The first winter

As mentioned earlier, our son was born early in January. Normally, the weather would be unpredictable and the wind, snow and rain would fight to hit you first. The temperature would range somewhere between “very cold” and “I can manage”. But this winter was particularly good. We had sunshine almost every day (not many hours of daylight OR sun, but enough to enjoy it) , not much wind to talk about, and the ground was perfectly frozen (meaning: I could leave my rubber boots home). It didn’t take long before I was sick of staying inside, and I just longed to get out. There was only one catch: the infant.

I was longing for this- strolling with a pram in the city simply doesn't ring my bell the same way
I was longing for this- strolling with a pram in the city simply doesn’t ring my bell the same way

I am so lucky to have friends and family with children around me. From a friend, I borrowed a Close- caboo carrier, which I used almost every day for three months. I dressed the baby in a double layer of wool, tucked him neatly in the Close-caboo carrier, and had my own jacket on top.  Having the baby close to your body makes it easier to keep the baby warm. Babies cannot regulate their temperature very well, which makes it even more important to make sure they are not cold (or too warm in warm summer days).  And to avoid falling like Bambi on ice, I wore out not less than three pair of spikes.  So I managed to get out in the mountain or in the forest almost every day- and thus avoided going nuts.

The first trip with the Close-caboo carrier, wearing the second of the three pair of spikes  (I wore out the first pair during pregnancy)and a very big and borrowed jacket. The dog is clearly not interested
The first trip with the Close-caboo carrier, wearing the second of the three pair of spikes (I wore out the first pair during pregnancy) and a very big and borrowed jacket. The dog is clearly not interested

Later, my very kind sister gave me her ErgoBaby carrier. Her kids had grown out of it, and we were the lucky new owners. At that time, our little man were starting to feel a bit heavy in the Close-caboo Carrier, the timing was perfect. In addition, she gave me a windproof fleece cover from MaM-Design to have on top.  In other words, there were nearly no weather that could keep us inside!

There is nothing like eating out!
There is nothing like eating out!
Posted in Outdoorbaby's eventyr | Tagged , , , , , , , , , , | 4 Comments

Om bekkenløysing og ein komande fars draumar om støtteordning for husarbeide

Eg fekk bekkenløysing fire månader før termin, og streng melding frå fysioterapeut om å kutte ned på fysisk aktivitet, maks 30 min i slengen. Med fysisk aktivitet var også alt husarbeid medrekna. Det var difor med blanda kjensler eg kom heim og serverte denne nyheita for kjærasten min.  Eg fekk det til og med nedskrive på ein lapp frå fysioterapeuten slik at han ikkje skulle tru eg tulla. «Redusert livskvalitet» var alt han hadde å seie. Og då meinte han sjølvsagt ikkje det at eg måtte kutte ned på turgåing og trening, men rett og slett at han måtte ta ansvaret for alt husarbeid åleine. «Finst det økonomiske støtteordningar for slikt?» spurte han i neste andedrag.

Magen fekk lufta seg sine 30 min kvar dag- her på luftings i "varmare strok"

Magen fekk lufta seg sine 30 min kvar dag- her på luftings i “varmare strok”

Eg brukte mine 30 minuttar med lovleg turgåing nærsagt kvar einaste dag. Hunden vår treng ein god luftetur kvar dag, og nærmiljøet vårt eignar seg godt til småturar i skogen og på fjellet. Denne tida var eg heilt avhengig av broddar. Med desse følte eg meg trygg på isen, sjølv om eg ikkje lenger greidde å sjå skotuppane mine. Eg var ikkje så rask til beins heller, men det viktigaste for meg var å komme meg ut.  Broddane eg brukte var slike som består av gummi og ein stålwire som er surra rundt gummien. Dei eigna seg godt på frosen mark, grusveg og sti. Men til vinteren kjem eg til å investere i eit par grovare sett med broddar, slike som berre består av kjetting og piggar. Eg brukte nemleg to par av dei fyrstnemnte (gummien rauk), og på rein is tek dei ikkje like godt.

Takk til raudpelsen som fekk meg ut kvar dag trass snø og isføre

Takk til raudpelsen som fekk meg ut kvar dag trass snø- og isføre

I tillegg til denne noko ufrivillige «isklatringa», var eg på «gravid-trening» i gruppe hjå fysioterapisenteret Tonus AS ein gong i veka.  Det var svært nyttig for å halde bekkenløysinga i sjakk, samstundes å bygge/oppretthalde riktig muskulatur kring bekkenet mot fødselen. Dei som jobbar på Tonus AS er eineståande dyktige når det kjem til alt som har med bekkenløysing å gjere.

"Finst det støtteordningar for komande fedre som må ta ansvaret for alt husarbeide?" Det er tøft å ha gravid kjærast. Han visste det ikkje då, men då dette biletet vart teken, var det berre 48t til vår lille familie hadde fått eit nytt medlem.

“Finst det støtteordningar for komande fedre som må ta ansvaret for alt husarbeide?” Det er tøft å ha gravid kjærast. Han visste det ikkje då, men då dette biletet vart teken, var det berre 48t til vår lille familie hadde fått eit nytt medlem.

Slik haldt eg altså på heilt fram mot termin. Vesletrollet var venta i midten av januar, men like etter vi bytta kalender frå 2012 til 2013 var han lei av å vente.  Seinast dagen før termin var vi ute i skogen på tur- det gjekk sjølvsagt seint og i såkalla «vaggande» gange, men eg er heilt overtydd om at det å halde seg i rimeleg grei fysisk kondisjon fram mot fødsel gjorde fødselen både lettare og til ei betre oppleving.

Om lag to veker etter fødselen fekk misteguten være med på sin fyrste tur i skogen- i bæresjal under jakken

Om lag to veker etter fødselen fekk misteguten være med på sin fyrste tur i skogen- i bæresjal under jakken

Del gjerne dine erfaringar om temaet!

Aside | Posted on by | Tagged , , , , , | Leave a comment